Underhaldningsdemokratiet

Hovudsakene vert tona ned, partia freistar ikkje å selja seg til opplyste menneske, men til det dei gamle grekarane kalla ein idiot.

Publisert Sist oppdatert

Valkampen i 2013 vart opna med at alle dei største avisene gjekk saman for å få fleire til å nytta røysteretten. Eitt av oppslaga i kampanjen er kjendisar som fortel oss kvifor dei skal røysta.

Av desse rollemodellane er det berre éin som med rette kan kallast ein kulturpersonlegdom, nemleg forfattaren Amal Aden. Den grunngjevinga ho gjev for å røysta, er nøktern: for å vera ein del av demokratiet og fordi det finst land utan valfridom. Som forfattar og forkjempar for minoritetar veit ho at demokratiet i seg sjølv ikkje endrar noko, men berre opnar for den personlege innsatsen som skaper noko nytt.

Ingen av dei andre kjendisane er like smålåtne på vegner av demokratiet. Langrennskvinna Therese Johaug vil røysta for å «påvirke hvem som skal styre Norge», mens langrennsmannen Petter Northug røystar fordi han vil «påvirke fremtiden». Ein skal altså kunna nytta heile livet sitt til å stå på ski og spela poker og likevel forma framtida ved å nytta røysteretten. Dét kallar eg å få i pose og sekk.

Ein programleiar i NRK seier at han vil røysta ved stortings-valet «fordi jeg bryr meg om kloden vår», som om valet skulle ha noko å seia for kloten vår. Ein annan NRK-kjendis seier at «hvis jeg vil ha noe å si så hjelper det lite å sitte hjemme å [sic] klage, derfor bruker jeg min rett, borgerplikt og privilegium til å stemme». Ho trur at livet er delt opp i to avgrensa område, eitt privat der ein set alle krefter inn utan at det vedkjem andre, og så røystegjevinga der ein mirakuløst bergar verda utan innsats.

Undergrev grunnideen

Størstedelen av medråderett og påverknad, endring og skaping skjer ikkje i røystinga, men i kvardagslivet og det sivile samfunnet utanfor politikken. Innverknaden på samfunnet er større gjennom det eg gjer i familien og yrket mitt, i vala mine som forbrukar og lesar, i samtalane eg tek del i, det eg gjer kvar dag gjennom heile livet mitt, enn gjennom kva for ein røystesetel eg slepper i urna ein gong annakvart år. I pressekampanjen for å nytta røysteretten vert rekkjevidda av politiske val overdriven, medan kva det personlege dagleglivet har å seia, vert undervurdert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement