Kommentar

Under radaren

Kriminelle nettverk kuppa matbodbransjen i Oslo. Det kan ikkje vere opp til bransjen sjølv å rydde opp.
  

Oslo 20210405. Fodora sykkelbud Jonas Vik har ventet over en time på å få utlevert maten fra den indiske restauranten Curry&Ketchup i Oslo. Fordi han får lønn får hver levering ble timelønnen kun 74 kroner. Uheldigvis hoper det seg stadig opp flere Fodora sykkelbud på denne restauranten pga stor etterspørsel.Foto: Heiko Junge / NTB
Illustrasjonsfoto: Sykkelbod frå Foodora ventar på å hente mat frå ein restaurant i Oslo.
Publisert

Det er lett å bestille mat gjennom appane til Foodora og Volt. Fort går det også. For app-selskapa er det tydelegvis ganske mykje pengar å tene, om ein skal dømme etter den store mengda reklameplakatar dei tar seg råd til å dekorere byane våre med.

Likevel er det tilsynelatande umogleg å få kontroll over kven det er som faktisk leverer maten, kva dei får betalt for å gjere det og kor mange timar dei jobbar i veka. Oslopolitiet varsla nyleg at dei er sikre på at kriminelle nettverk langt på veg har kuppa matbodbransjen i Oslo.

Slaveliknande forhold

NRK fortalde historia til eit av offera i matbodsaka. Han torde ikkje stå fram under eige namn, fordi han var redd for konsekvensane. Historia hans byrja, slik det ofte gjer, med noko som verka som ein unik sjanse – arbeid som matbod i Oslo.

Ein annonse på Facebook lova både bustad, tilgang til bil og god inntekt. Han skulle berre sende over identitetspapira, så skulle han få kontrakt. Då han kom til Oslo, fekk han vite at kontrakten ikkje var klar. Men han sette i gang med arbeidet likevel. Etter to månader med arbeidsdagar på opptil 15 timar, sat han att med rundt 10.000 kroner. Bustaden som følgde med jobben, var tidvis utan straum. Pengemangel gjorde at han ofte måtte klare seg med berre eitt måltid om dagen. Det var store summar i omløp, men nesten alt gjekk til dei som stod bak Facebook-annonsen.

Politiet fortalde til NRK at dei har sett så mange liknande saker, at dei er sikre på at det er eit organisert system. Matbodbransjen er særleg utsett for denne typen arbeidslivskriminalitet fordi dette er lågterskelarbeidsplassar. Dei som har slike jobbar, treng verken langvarig opplæring eller gode språkkunnskapar.

Dei som blir utnytta, er gjerne folk som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon i utgangspunktet. Samstundes manglar dei ofte kunnskap om det norske samfunnet. Dermed er dei dårleg rusta i kampen for å sikre eigne rettar. Opplevingane deira hamnar under radaren for dei fleste.

Organisert kriminalitet

Politiet si trusselvurdering for 2025 slår fast at mykje av arbeidslivskriminaliteten i Noreg er organisert på ein så systematisk måte at han er å rekne som organisert kriminalitet. Mange av aktørane er gjengangarar, altså vaneforbrytarar. Dei er ofte involverte i meir enn éin type kriminalitet. Det kan vere skattesvik, nokre er faste konkursryttarar, andre driv med kvitvasking av pengar.

Politiet slår fast at lønnstjuveri er eit av dei største problema no om dagen. Og bygg- og anleggsbransjen er blant dei som er særleg utsett. Dette har alltid vore ein krevjande bransje, reint arbeidsrettsleg. Nettopp difor var aktørar som Fair Play Bygg ein av pådrivarane då lova om lønnstjuveri vart innført i 2022.

Tre år seinare viser det seg at det var lettare å lage ei lov enn å faktisk få bukt med problemet. Dagsavisen skreiv nyleg at 383 saker er melde til politiet. Men berre tre personar er dømde. Det er med andre ord for lett å sno seg unna.

Eit aukande problem

Hjelpeorganisasjonen Caritas, som engasjerer seg for å hjelpe sårbare utanlandske arbeidstakarar, har varsla at problemet er omfattande. Tidvis har pågangen vore så stor at juristane i organisasjonen har sett seg nøydd til å avvise folk.

Dei framhevar at den svake kronekursen og dei auka levekostnadene vi har sett dei siste åra, gjer at utsette arbeidstakarar har fått ein verre situasjon enn før. Det er dyrare enn før å opphalde seg i Noreg. Samstundes er pengane dei kan sende til familien eller ta med seg heim, mindre verde.

Ikkje alle er like uheldige som den rumenske bodbilsjåføren som stod fram på NRK. Men dei ser ein jamn straum av folk som har fått for lite betalt, blitt snytt for feriepengar, ikkje fått betalt for overtid, eller som har blitt tvinga til å jobbe når dei eigentleg skulle ha hatt pause. Dei fortel at kyniske arbeidsgivarar spekulerer i å halde tilbake lønna. Mange ser seg då nøydde til å reise til heimlandet. Då blir oppgåva med å stille arbeidsgivaren til ansvar enda vanskelegare.

For mange smetthol

Det finst mange lovar som skal sikre eit organisert arbeidsliv. Samstundes er det endå fleire måtar å sno seg unna på. Matbodbransjen sjølv framheva to då dei vart utfordra av NRK. Det var for lett å opprette enkeltmannsføretak, slike er ofte grunnsteinen i ein uoversynleg struktur, der ansvarsforholda er uklare, og der arbeidstakarar endar opp med å bli snytt. I tillegg meinte dei det var for lett å bruke utanlandskregistrerte bilar i næringsverksemd.

Både LO og Økokrim seier at lova om lønnstjuveri er formulert slik at terskelen for å bli dømd, er for høg. Caritas framhevar krav om arbeidskontrakt frå første dag, med tilhøyrande skarpe sanksjonar for den som ikkje følgjer reglane, og krav om digital registrering av både arbeidskontraktar og timelister.

Arbeidsminister Tonje Brenna karakteriserte situasjonen i matbodbransjen som uakseptabel då NRK tok kontakt. Ho kravde opprydding og varsla at ho sjølv vil ta nye grep om ho meiner det trengst.

Når ho skal grunde over kva som trengst og ikkje, håpar eg ho tar ein kikk på forslaga frå Caritas. I tillegg bør ho sjå på korleis lova om lønnstjuveri kan justerast. Eg er sikker på at ho veit frå før at om det skal bli slutt på den overdrivne bruken av enkeltmannsføretak i norsk arbeidsliv, er det høgst usannsynleg at initiativet vil komme frå bransjen sjølv.