¿ Ulve-Noregs håp er bondens skrekk
Ein genetisk viktig ulv har vorte prioritert framfor storfe på beite utanfor ulvesona. Det vekkjer oppsikt blant bønder i området.
Sommaren har vore krevjande, både for storfebonde Tollef Lau og for kyrne hans. Han veit ikkje kva for ei løysing han skal satse på for å halde Deisjø-ulven borte frå dyra sine.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Lytt til artikkelen:
Ti gongar har storfeflokken til Tollef Lau i Rendalen vorte jaga og jakta på av ein finsk-russisk alfahann denne sommaren. To kalvar har gått tapt i kampen. Den eine vart avliva av veterinær som følgje av ulvebit og store sårskadar. Den andre vart avliva etter å ha sprengt seg sjølv då han sprang for livet.
Då den andre kalven måtte avlivast, mista Lau håpet om å kunne hindre ulveåtak på skogsbeite – sjølv om det ligg utanfor ulvesona. Åtaket skjedde klokka tolv på dagen. Sjølv var han berre 60 meter frå flokken då det skjedde. Hadde ulven lege på lur og berre venta på at han skulle ta lunsjpause? Lau hadde passa på flokken sin døgnet rundt.
– Eg hadde vore der med dyra til klokka tolv på natta. Så tok sonen min og kompisen hans over og var der om natta. Eg kom attende klokka sju på morgonen. Etter nokre timar skulle eg ta meg nokre brødskiver, og gjekk til bilen. Då høyrde eg plutseleg bjøllene, og at dyra vart frykteleg jaga. Flokken med kyr sprang parallelt med ein bilveg, og eg sette meg i bilen og køyrde for å halde følgje. Då eg fann att flokken, var ein av kalvane så stressa og så hardt jaga at kroppen gjekk i sjokktilstand. Han berre la seg på sida, og det rann blod ut av nasen hans. Dette var ein kjempefin okse.
Lau legg ikkje skjul på at sommaren med ulv ved beitet har vore krevjande.
– Det har vore ei påkjenning, for å seie det forsiktig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.