Krig
Ukrainsk haust – eple og maneter
Det er underleg, men krigens skrekk og gru har ikkje avskaffa «leike»-redslene knytte til halloween – eit importert kulturprodukt som slo rot i Ukraina seint i 1990-åra og er vorte populært blant dei unge.
Mange Kyiv-buarar som ikkje hadde for vane å gå på museum før krigen, gjer no eit poeng av å sjekke kva museum som er opne i helgene.Mange Kyiv-buarar som ikkje hadde for vane å gå på museum før krigen, gjer no eit poeng av å sjekke kva museum som er opne i helgene.
Foto: Emilio Morenatti / AP / NTBFoto: Emilio Morenatti / AP / NTB
Halloweendekor er no ettertrakta handelsvare som kan liknast med juletrepynt. Og samstundes med at alle medium i Ukraina er fulle av visuell krigsgru, har blodige plasthovud, gigantiske spindelvevar og anna halloweenutstyr dukka opp på hyllene i somme butikkar. Viktigast blant desse gjenstandane er eit nytt produkt: «Putins likkiste».
Desse kistene vert no selde i Kyiv ved Zjitnij-marknaden i Podil. Det dreier seg om ei vanleg likkiste i full storleik med namnet til Putin skrive på lokket og ein merkelapp der det står «suvenirlikkiste». Seljarane seier at kistene vert kjøpte av restaurantar som satsar på kundar som vil feire «skrekkhelga» med ein god middag. Eg ønskjer verkeleg at skrekk-halloween ikkje vert avløyst av verkeleg russisk skrekk – iranske kamikazedronar og missil.
Å arrangere utflukter og festar under ein krig er kontroversielt, men naudsynt. Det hjelper med å minske stress. Mange Kyiv-buarar som ikkje hadde for vane å gå på museum før krigen, gjer no eit poeng av å sjekke kva museum som er opne i helga. Khanenkov-museet – Kyivs største samling av europeisk målarkunst – laut stengje etter at alle vindauga i den historiske bygningen vart blåste ut av eit missil og erstatta med finerplater.
Museet for medisinsk historie, som ligg i ein annan del av byen, er i drift. Og, sjølvsagt, det finst eit museum for levande maneter på Sjølvstendeplassen. Det ligg under jorda og kunne godt ha tent som bomberom. Det er eit privat museum, og eigaren er openbert ein underleg skrue som elskar sjeldsynte, levande maneter. Museet husar den største, om ikkje den einaste, samlinga av sjeldsynte, levande maneter i Ukraina.
Eg har aldri besøkt dette museet, av noko som kan verke som ei absurd årsak. Lokaliseringa – eit stort underjordisk område midt i sentrum av byen – var tidlegare det største offentlege toalettet. Da det vart stengt, gjorde det meg rasande. Og da det vart erstatta av eit privat manetmuseum, tenkte eg det måtte vere ein slags spøk.
Seinare har det dukka opp to store offentlege toalett i nærleiken, i den svære underjordiske supermarknaden, så lufta har gått ut av indignasjonen min. Da Museet for levande maneter kunngjorde at det var gratis inngang for soldatar, forsvann alle negative kjensler eg måtte ha hatt for museet. Son min, Theo, var der i nesten to timar i halvmørket og såg på dei sjeldne manetene som var lyssette bakfrå og som sumde i store akvarium innbygde i veggene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.