Krig
Ukraina kjempar mot Russlands vinter
Når innbyggjarane i Kyiv møter venner på gata eller på ein kafé, spør dei ikkje lenger korleis det går. Opningsspørsmålet er no: «Kva er temperaturen heime hos deg?»
Blokkbuarar i Kyiv samlar seg og grillar i bakgarden etter at nye russiske rakett- og droneåtak har mørklagt delar av den ukrainske hovudstaden 18. januar 2026.
Foto: Reuters / NTB
Heime hos ein venn av oss, Irina Khazina, er det jamt over 8 grader i stova. Det meste av dagen held ho seg på kjøkenet med alle fire brennarane på gassomnen tende. Dei gir litt varme i rommet og gjer Irina i stand til å koke te og lage varm mat.
«Du må skaffe deg nokre mursteinar og varme dei opp i omnen», tilrår eg. Tusenvis av Kyiv-buarar gjer det for å varme opp romma i det kalde husværet sitt.
«Eg veit det», svarer ho. «På Epitsentr K sel dei slike mursteinar for 54 hryvnia per stykk, men eg har ikkje kjøpt nokon enno.»
«Eg er sjeleglad for at eg ikkje lét meg overtale til å kjøpe elektrisk komfyr før krigen!» legg ho til. «Eg satsa på gassomn, sjølv om det var mange fleire elektriske omnar til sals.»
Sidan sovjettida har bustader i byane vore varma med varmt vatn i røyr frå varmeanlegg som kan liggje fleire kilometer unna. I nyare bustadblokker er det oppvarming med elektrisk straum. Russland har gjort sitt beste for å øydeleggje både varmeanlegga og elektriske kraftverk for å setje oppvarminga ut av spel i heile byen.
I vår eigen bygning, som ligg i hjartet av det gamle Kyiv, i nærleiken av Den gylne porten, slit vi med innetemperaturar som varierer mellom 2 og 12 grader alt etter kva rom ein er i. Oppvarminga er avstengd, og radiatorane har vorte tappa ned fordi røyra sprekk ved så låge temperaturar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.