Ukjende farar i eit usynleg landskapBresmeltinga i Noreg kan skape trugsmål som ingen overskodar i dag, meiner geolog Jostein Bakke.

Bresmeltinga i Noreg kan skape trugsmål som ingen overskodar i dag, meiner geolog Jostein Bakke.

Isen og snøen smeltar vekk på Folgefonna. Dei forsvinnande breane i Noreg kjem ikkje berre til å skape problem for skisentera.
Isen og snøen smeltar vekk på Folgefonna. Dei forsvinnande breane i Noreg kjem ikkje berre til å skape problem for skisentera.
Publisert

– At cruiseturistane ikkje kjem til å kunne sjå dei norske isbreane i framtida, er ikkje noko stort problem. Men smeltinga til breane kan få store økonomiske konsekvensar, og ho kjem til å skape mange farlege situasjonar i framtida, seier Jostein Bakke. Han er professor i geologi ved Universitetet i Bergen, med isbrear som spesialfelt.

Alle dei norske isbreane er på retrett, til liks med breane i verda elles. Somme geologar har hevda at Jostedalsbreen er den einaste norske breen som vil overleve dette hundreåret. Bakke vil ikkje skrive under på den spådomen.

– Det er for mange usikre variablar til å seie det sikkert. Vi veit ikkje kva bane klimagassutsleppa vil følgje, kor mykje vinternedbør det blir, og så vidare. Men vi veit at dei norske breane krympar raskt, og mange av dei kjem til å forsvinne om oppvarminga held fram. Spørsmålet er kva slag konsekvensar dette kjem til å få. Det har vi liten oversikt over i dag, seier Bakke.

Usynleg landskap

Bakke tek fram datamaskina og finn fram eit bilete av eit fjellandskap med store vatn og djupe dalar. Det er eit landskap som ingen har sett, fordi det enno ikkje finst. Men omtrent slik kjem fjella vest for Sørfjorden i Hardanger til å sjå ut når Nordfonna, den nordlegaste delen av Folgefonna, har smelta heilt vekk.

Dei siste tre åra har Bakke og kollegaene hans avdekt topografien under Folgefonna med isradar, ein reiskap som måler djupna til isen ved hjelp av lågfrekvente lydbølgjer. Ved å køyre med snøskuter i eit rutemønster over breen har dei laga kart over det framtidige landskapet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement