Ukjende farar i eit usynleg landskap
Bresmeltinga i Noreg kan skape trugsmål som ingen overskodar i dag, meiner geolog Jostein Bakke.
Isen og snøen smeltar vekk på Folgefonna. Dei forsvinnande breane i Noreg kjem ikkje berre til å skape problem for skisentera.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Vitskap
peranders@dagogtid.no
– At cruiseturistane ikkje kjem til å kunne sjå dei norske isbreane i framtida, er ikkje noko stort problem. Men smeltinga til breane kan få store økonomiske konsekvensar, og ho kjem til å skape mange farlege situasjonar i framtida, seier Jostein Bakke. Han er professor i geologi ved Universitetet i Bergen, med isbrear som spesialfelt.
Alle dei norske isbreane er på retrett, til liks med breane i verda elles. Somme geologar har hevda at Jostedalsbreen er den einaste norske breen som vil overleve dette hundreåret. Bakke vil ikkje skrive under på den spådomen.
– Det er for mange usikre variablar til å seie det sikkert. Vi veit ikkje kva bane klimagassutsleppa vil følgje, kor mykje vinternedbør det blir, og så vidare. Men vi veit at dei norske breane krympar raskt, og mange av dei kjem til å forsvinne om oppvarminga held fram. Spørsmålet er kva slag konsekvensar dette kjem til å få. Det har vi liten oversikt over i dag, seier Bakke.
Usynleg landskap
Bakke tek fram datamaskina og finn fram eit bilete av eit fjellandskap med store vatn og djupe dalar. Det er eit landskap som ingen har sett, fordi det enno ikkje finst. Men omtrent slik kjem fjella vest for Sørfjorden i Hardanger til å sjå ut når Nordfonna, den nordlegaste delen av Folgefonna, har smelta heilt vekk.
Dei siste tre åra har Bakke og kollegaene hans avdekt topografien under Folgefonna med isradar, ein reiskap som måler djupna til isen ved hjelp av lågfrekvente lydbølgjer. Ved å køyre med snøskuter i eit rutemønster over breen har dei laga kart over det framtidige landskapet.
– Vi vart overraska over det vi fann. Somme stader oppdaga vi 600 meter djupe dalar under isen, seier Bakke.
Når breane smeltar vekk og avdekkjer dette landskapet, kjem det til å få følgjer for kraftselskapa. Bakke peikar på at kring 20 prosent av den norske kraftproduksjonen får delar av vassforsyninga si frå isbrear. Særleg i svært tørre somrar som i år er smeltevatnet frå breane viktig: Isbreane fungerer som naturlege magasin for kraftverka.
– På kort sikt, lat oss seie dei neste 20–30 åra, kjem dei smeltande breane til å gje meir vatn til kraftstasjonane om sommaren. Men etter kvart som breane krympar og blir borte, vil vasstilførselen til kraftverka i sommarhalvåret minke fort.
Nye vassvegar
Nedsmeltinga til breane kan påverke kraftproduksjonen også på andre måtar. Men desse konsekvensane er lite kartlagde enno, dels fordi kunnskapen om kva landskap som skjuler seg under isen, er så liten.
– Krympinga til breane kan endre smeltevassdreneringa mange stader. Når breen minkar, kjem vatnet til å følgje topografien i fjellet under. Dermed kan smeltevatnet byrje å renne ut i ei anna retning enn før, slik at det ikkje lenger kjem ned i magasina, seier Bakke.
– Dette er noko kraftindustrien er merksam på, og det er stor interesse i bransjen for dei undersøkingane vi gjer på Folgefonna. Somme stader må ein kanskje bore nye tunnelar for å få vatnet dit det skal.
Levande is
Så er vi framme ved dei verkeleg dramatiske konsekvensane som bresmeltinga kan få: Somme stader i Noreg kan ho setje liv og heimar i fare.
– Legg du ein isbit på bordet i romtemperatur, smeltar han jamt ned. Men isbrear er annleis. Dei er dynamiske, plastiske massar, og dei trekkjer seg ikkje jamt og roleg attende. Og når ein isbre smeltar fort, kan det oppstå mange farlege situasjonar, seier Bakke.
Ved ein smeltande bre kan det danne seg store sjøar på sidene, der vatnet blir halde på plass av ei bretunge. Når smeltinga held fram, vasstrykket aukar og isen veiknar, kan den naturlege demninga til slutt breste.
– Da får vi det som islendingane kallar eit jøkulhlaup, der vatnet lagar seg eit heilt nytt løp. Vatnet kan òg løfte på isen og finne eit nytt utløp under han. Da kan ein smeltevassjø bli tømd i løpet av timar eller berre minutt.
Vatnet grev
Brevassflaumar kan oppstå også på andre måtar, forklarer Bakke.
Når ein bre gjer ei mellombels framrykking, kan han leggje opp ein ny morenerygg som seinare blir ei demning for smeltevatnet.
– Slike ryggar er laga av lausmassar som er heilt vasstette. Men om vatnet skvulpar over og byrjar å ete seg ned i massane, kan ting gå veldig fort, slik vi såg det i Munkebotn nyleg, seier Bakke.
Han viser til demninga som brast ved Munkebotnsvatnet i Bergen i august: Styrtregn fekk vatnet til å renne over kanten og rive vekk massane i demninga i rasande fart. Vatnet velta nedover fjellsida og gjorde stor skade, og 133 menneske vart evakuerte. Slike ting kan skje i langt større skala når det er snakk om store sjøar med smeltevatn, påpeikar Bakke.
– I det fjellandskapet vi har avdekt under Nordfonna, er det fleire stader der slike sjøar kan bli danna. No når breane endrar seg raskt, veit vi ikkje kor fort eller kvar slike situasjonar kan oppstå. Men at det vil skje, er veldig, veldig sannsynleg. Og det har vore smeltevassflaumar ved fleire norske brear også tidlegare.
Katastrofescenario
Skadepotensialet til smeltevassjøane kjem an på kva som ligg nedstraums for breen.
– Men vi veit at bredemde sjøar kan vere svært farlege. Flaumar av smeltevatn har teke mange tusen liv andre stader i verda. Når isdemningar brest i 6000 meters høgd i Andesfjella, er sjølvsagt potensialet for skade større enn her. Men vi skal ikkje kimse av risikoen i Noreg heller, seier Bakke.
– Om vi skal sjå for oss eit verkeleg katastrofescenario: Det ligg mange store demningar nedstraums for brear i Noreg. Om ein bredemd sjø brått blir tømd ned i eit fullt magasin og det kjem ti milliardar liter vatn på ein halvtime, det renn over kanten og byrjar å grave i demninga, kva da?
Alle norske dammar har flaumløp som skal ta unna overløpsvatn. Men desse er ikkje dimensjonerte for slike vassmengder som vi snakkar om når ei stor isdemning brest.
– Flaumløpa tek kanskje unna 500 kubikk i minuttet. Det er ingenting i denne samanhengen, seier Bakke.
– Folk i kraftbransjen er veldig interesserte i det vi forskar på. Men om samtalen kjem inn på damsikring, merkar eg at rullegardina går ned. Slike tiltak er svært dyre, det blir fort kostnader på hundrevis av millionar kroner. Men dette er noko vi må vurdere seriøst i åra som kjem.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi veit at bredemde sjøar kan vere svært farlege.
Jostein Bakke, professor i geologi
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.