Uforsvarleg kultur

– Vi treng ei skikkeleg kulturendring i Forsvaret, seier Lise Veronica Huynh, som er landstillitsvald for norske soldatar.

44 tenestegjerande i Forsvaret har vorte valdtekne i eller utanfor tenestetid i løpet av det siste året, syner ei ny gransking.
44 tenestegjerande i Forsvaret har vorte valdtekne i eller utanfor tenestetid i løpet av det siste året, syner ei ny gransking.

44 tenestegjerande i Forsvaret, 24 kvinner og 20 menn, har vorte valdtekne i eller utanfor tenestetid i løpet av det siste året. 123 personar seier dei har vorte forsøkt valdtekne, og 35 personar svarar ja på at nokon har nytta posisjonen sin til å presse dei til uønskt seksuell aktivitet. Det er blant resultata i ei ny undersøking Forsvaret nyleg har gjennomført om mobbing og seksuell trakassering blant til saman 8805 tilsette og vernepliktige. Det er NRK som har brote prosenttala i undersøkinga ned på personnivå.

Lise Veronica Huynh er landstillitsvald for norske soldatar og seier resultatet av undersøkinga kom som ei overrasking.

– Eigentleg er det ein svært fin arbeidsplass, det her. Når vi ser tala for dei som seier dei trivst, syner dei òg det. Men så har vi nokre som bidreg til å øydeleggje, som er med å skape ein kultur der det vert sett som greitt å trakassere, og der terskelen for å seie frå vert høg. Så det er ingen tvil om at vi har ein veg å gå.

– Seier du at det er eit par enkeltpersonar som er problemet?

– Nei, undersøkinga seier ikkje noko om kor mange det er. Ho fortel kor mange som seier dei har vorte mobba, trakasserte, valdtekne eller forsøkt valdtekne. Vi veit lite om gjerningspersonane.

– Kor mykje har de ant på førehand av det som kom fram i rapporten?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement