JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Tyskland skal gråta blod.»

Tunisiske Sami A. var Osama bin Ladens livvakt i Afghanistan. Den omstridde tvangsutvisinga av han har prega mediebiletet i Tyskland denne sommaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tunisiaren Sami A. kom til Tyskland på studentvisum i 1997. Sjølv om han fekk avslag på asylsøknaden i 2006, blei han ikkje tvangsreturnert før i sommar.    
Foto frå YouTube</cr>

Tunisiaren Sami A. kom til Tyskland på studentvisum i 1997. Sjølv om han fekk avslag på asylsøknaden i 2006, blei han ikkje tvangsreturnert før i sommar. Foto frå YouTube</cr>

Foto: Frå YouTube Foto: Frå YouTube Foto frå YouTube

4321
20180803
4321
20180803

Tyskland

sjurhabring@gmail.com

Der er likskap med vår heimlege Krekar-sak: Ein farleg islamist som staten prøver å kvitta seg med, som går runde etter runde i rettssystemet, men ikkje kan utvisast til heimlandet av di tortur eller det som verre er, kan venta han der. Ei av sakene som har dominert dei tyske media i sommar, er ståket kring den såkalla «Sami A.» (det fulle namnet blir ikkje nemnt), ein tunisisk islamist som tyske tryggingstenester meiner utgjer eit «alvorleg trugsmål» mot tryggleiken i Tyskland, og som styresmaktene i årevis har freista å få utvist. Sami A. har truga med at «Tyskland skal gråta blod» om han blir utvist.

13. juli såg det ut til at soga var slutt: Tysklands føderale byrå for migrasjon og flyktningar hadde bestemt seg for å sanksjonera utvisingsvedtaket, og tidleg om morgonen blei han henta av polititenestemenn i Düsseldorf og sett på eit chartra fly til Tunisia. Men soga om Sami A. slutta ikkje her, ho blei tvert om lyfta opp på eit toppolitisk nivå. No krev både ein tysk domstol og leiande politikarar at islamisten snarast mogleg må hentast attende til Tyskland. Korleis kunne dette skje?

Al Qaida-utdanning

Sami A. kom til Tyskland på studentvisum i 1997, 21 år gamal. To år seinare drog han ifylgje tysk politi til Afghanistan, der han fekk militær utdanning av Al Qaida og fungerte som livvakt for Osama bin Laden. Attende i Tyskland blei han salafistisk predikant og bygde opp eit stort personleg nettverk i radikalislamske miljø kringom i Tyskland. I 2006, same året som han kom i søkjelyset til politiet på grunn av mistanke om medlemskap i ein terrororganisasjon, søkte han asyl og fekk avslag. Men sjølv om han ikkje hadde opphaldsløyve, lukkast det ikkje styresmaktene å få han utvist, for kona hans var blitt tysk statsborgar. I 2010 stadfeste forvaltingsdomstolen i Düsseldorf at han ikkje kunne utvisast til heimlandet, men av ein annan grunn, nemleg at Tunisia blei rekna som eit «utrygt returland». Denne avgjerda la det føderale byrået for migrasjon og flyktningar inn klage på, og i fleire år gjekk saka fram og tilbake i rettssystemet.

Kverrsett pass

Det føderale migrasjonsbyrået meinte at tilhøva i Tunisia hadde betra seg etter «den arabiske våren»: Det var ikkje fare for at Sami A. ville bli torturert eller avretta om han blei returnert – Tunisia har ikkje fullbyrda nokon dødsdom dei siste 30 åra. 13. juli sette så migrasjonsbyrået utvisingsvedtaket ut i livet og sende Sami A. til Tunisia. Problemet var berre at forvaltingsdomstolen i byen Gelsenkirchen i delstaten Nordrhein-Westfalen dagen før hadde slått fast at tunisiaren likevel ikkje kunne utvisast. Men denne rettsavgjerda fekk ikkje politiet offisiell melding om før morgonen etter, då Sami A. alt sat på flyet.

Domstolen kravde at islamisten straks måtte hentast attende til Tyskland, og fristen for tilbakeføringa blei sett til tysdag denne veka. Men ikkje uventa nekta tunisiske styresmakter å retta seg etter eit slikt diktat frå forvaltingsdomstolen i Gelsenkirchen – i Tunisia har Sami A. vore under terroretterforsking sidan januar i år, og av di passet hans er kverrsett, lèt ein «re-retur» til Tyskland seg ikkje gjennomføra.

«Grovt rettsstridig»

Kva for fylgjer den omstridde utvisinga kjem til å få i Tyskland, er framleis ikkje klart. Partileiaren for Dei grøne har uttalt at episoden er «anten eit døme på absolutt pinleg kaos eller ein stinkande freistnad frå innanriksdepartementet på å statuera eit eksempel». Tysklands sosialdemokratiske justisminister Katarina Barley meinte at utvisinga var «grovt rettsstridig», og kravde at Sami A. «lyt hentast attende til Tyskland straks».

Det sistnemnde kjem neppe til å henda med det fyrste, skal me tru Sofien Sliti, pressetalsmannen for Tunisias antiterroreining, som denne veka uttalte fylgjande til den tyske avisa Bild-Zeitung: «Berre me har rett til å gje han nytt pass. Det er rettsvesenet vårt som tek stilling til om han skal få eit slikt, og det kjem ikkje til å skje før etterforskinga er avslutta, noko som kan ta lang eller kort tid. Fyrst når Sami A. har fått tunisisk pass, har Tyskland høve til å ferda ut eit visum.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto: Helge Skodvin

BokMeldingar
Odd W. Surén

Bulletinar frå ein medviten romanperson

Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis