Tvisyn på ein journalistisk fornyar Vinje utvikla si eiga merkevare før Dølen. Han hadde øvd på dansk i Drammens Tidende.

Vinje utvikla si eiga merkevare før Dølen. Han hadde øvd på dansk i Drammens Tidende.

Aasmund Olavsson Vinje, fotografert kring 1865.
Aasmund Olavsson Vinje, fotografert kring 1865.Aasmund Olavsson Vinje, fotografert kring 1865.
Publisert

Aasmund Olavsson Vinje var ein storegut, og større kjem han til å bli i dette jubileumsåret: som nasjonsbyggar, som nynorsking, som lyrikar, som essayist, som bladmann. Han vil bli hylla som ideal og avantgardist i norsk journalistikk. Her er eit utdrag frå programerklæringa hans om journalisten som allvitande danningsagent:

«Han skulde være en Lærer for Folk og Stat. Han skulde staa paa Videnskabens og Civilisationens Høider, hvorfra han kunde overskue det Hele i sin organiske Sammenhæng. Han skulle, at sige, føle paa Nationens Puls og som en kjærlig Læge forordne de bedste Mediciner.» Og han skulle sjølvsagt basera seg på sanning og vera ein «fyrigangar (avant garde)» i det store moderniseringsprosjektet.

Det er gildt. Det er gjævt. Det er stort. Stor arv det er for mannen, av godt folk vera fødd. Det kan vera ei stø. Men når ein stundom gjeng sliten og leitar etter ord, kan ein kjenna seg så liten for det han var så stor og stilte så høge krav. Då kan ein trøysta seg med at den kranglevorne og tvisynte Vinje ikkje alltid levde opp til sine store ord, han heller.

PÅ VINJES TID var avisene fylte av offisielle kunngjeringar, lysingar – såkalla adresser, møtereferat, gamle utanriksmeldingar, litterære føljetongar og innsende artiklar av doserande eller polemisk slag. Alt var i snirklete sprog for sterkt lesekyndige. Slik var det både i hovudstadsavisene og dei mange lokalblada som kom til. Nyhendejournalistikk var ikkje oppfunnen. Sjølve ordet «dagsnytt» var det Vinje som skapte under mottoet: «Journalistikk er døgnlitteratur.»

Vinje sitt skrivarliv tok til med lesarbrev til støtte for Søren Jaabæk i Lister og Mandals Amtstidende. Då han kom til hovudstaden i revolusjonsåret 1848, skreiv han i det radikale Morgenbladet og i fleire bladfiller med kort levetid: Folkets Røst, Tiden, Andhrimner, Mannen og Illustreret Nyhetsblad. Illustreret Nyhetsblad blei styrt av vennen Paul Botten Hansen, og der skreiv også andre frå den intellektuelle krinsen «Det lærde Holland»: Henrik Ibsen, Peter Christen Asbjørnsen, Ole Jacob Broch, Peter Andreas Munch, Ludvig Daae og Ernst Sars.

DRAMMENS TIDENDE, som var den første dagsavisa utanfor hovudstaden, hyra i 1851 inn Vinje som Christiania-korrespondent. Han begynte gjerninga med heile fem programartiklar om journalistikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement