Tvisyn på ein journalistisk fornyar
Vinje utvikla si eiga merkevare før Dølen. Han hadde øvd på dansk i Drammens Tidende.
Aasmund Olavsson Vinje, fotografert kring 1865.
Foto: Claus Peter Knudsen/Nasjonalbibliotekets arkiv
hompland@online.no
Aasmund Olavsson Vinje var ein storegut, og større kjem han til å bli i dette jubileumsåret: som nasjonsbyggar, som nynorsking, som lyrikar, som essayist, som bladmann. Han vil bli hylla som ideal og avantgardist i norsk journalistikk. Her er eit utdrag frå programerklæringa hans om journalisten som allvitande danningsagent:
«Han skulde være en Lærer for Folk og Stat. Han skulde staa paa Videnskabens og Civilisationens Høider, hvorfra han kunde overskue det Hele i sin organiske Sammenhæng. Han skulle, at sige, føle paa Nationens Puls og som en kjærlig Læge forordne de bedste Mediciner.» Og han skulle sjølvsagt basera seg på sanning og vera ein «fyrigangar (avant garde)» i det store moderniseringsprosjektet.
Det er gildt. Det er gjævt. Det er stort. Stor arv det er for mannen, av godt folk vera fødd. Det kan vera ei stø. Men når ein stundom gjeng sliten og leitar etter ord, kan ein kjenna seg så liten for det han var så stor og stilte så høge krav. Då kan ein trøysta seg med at den kranglevorne og tvisynte Vinje ikkje alltid levde opp til sine store ord, han heller.
PÅ VINJES TID var avisene fylte av offisielle kunngjeringar, lysingar – såkalla adresser, møtereferat, gamle utanriksmeldingar, litterære føljetongar og innsende artiklar av doserande eller polemisk slag. Alt var i snirklete sprog for sterkt lesekyndige. Slik var det både i hovudstadsavisene og dei mange lokalblada som kom til. Nyhendejournalistikk var ikkje oppfunnen. Sjølve ordet «dagsnytt» var det Vinje som skapte under mottoet: «Journalistikk er døgnlitteratur.»
Vinje sitt skrivarliv tok til med lesarbrev til støtte for Søren Jaabæk i Lister og Mandals Amtstidende. Då han kom til hovudstaden i revolusjonsåret 1848, skreiv han i det radikale Morgenbladet og i fleire bladfiller med kort levetid: Folkets Røst, Tiden, Andhrimner, Mannen og Illustreret Nyhetsblad. Illustreret Nyhetsblad blei styrt av vennen Paul Botten Hansen, og der skreiv også andre frå den intellektuelle krinsen «Det lærde Holland»: Henrik Ibsen, Peter Christen Asbjørnsen, Ole Jacob Broch, Peter Andreas Munch, Ludvig Daae og Ernst Sars.
DRAMMENS TIDENDE, som var den første dagsavisa utanfor hovudstaden, hyra i 1851 inn Vinje som Christiania-korrespondent. Han begynte gjerninga med heile fem programartiklar om journalistikk.
Vinje var knapt ein time i Drammen og skreiv aldri om lokale tilhøve i byen. Han sat i Christiania og sende to korrespondentbrev i veka i posten med hesteskyss. Dei kom på trykk to dagar seinare. Den første telegraflina i landet kom mellom Christiania og Drammen i 1855; jernbanen kom ikkje før i 1872.
Vinje skreiv fast i Drammens Tidende i åtte år, til saman 700 såkalla korrespondansar. Dette er nå fortenestefullt, grundig og kritisk dokumentert av Nina Marie Evensen og Jon Haarberg (http://www.bokselskap.no/boker/korrespondentbrev). Det ligg fritt tilgjengeleg på nett og ville ha vore fem ekstra bind i skriftir i samling.
DET VAR I Drammens Tidende Vinje øvde seg i nye skrivemåtar og språklige uttrykksformer. Han skreiv i mange sjangrar – både reine og i blanding: nyhende, kuriosa, kjendiseri, kåseri, reisebrev, bokmeldingar, dikt, lærestykke, vridde referat og politiske kommentarar. Etter sitt eige motto: «Alle genrer er gode, undtagen det kjedelige.»
Korrespondentbreva var usignerte, men «alle» visste at dei var skrivne av Vinje. Dei vekte oppsikt og blei grundig debatterte på skjenkestover og kraftig kritiserte i hovudstadspressa. «Ordgyteri av verste sort», kalla Christiania-Posten det. «Tankehestepærer», heitte det i Krydseren. Ivar Aasen meinte at Vinje skreiv «paa sin sædvanlige overfladiske og skjødesløse Maneer». Han kritiserte også språket som «kaudervelsk», for Vinje blanda etter kvart folkelege ord og vendingar inn i dansken.
DENNE LANGE PERIODEN i skrivelivet hans er likevel ikkje ein del av den kanoniserte Vinje. Grunnen er at han skreiv dansk bokspråk. Den ikonografiske Vinje begynner med einmannsbladet Dølen i 1858, for det var då han gjekk over til landsmål. Det var der han utvikla seg vidare som merkevare og på mange måtar skreiv seg ut av journalistikken og over i essayistikken. I det stør eg meg til Olav Vesaas i biografien A.O. Vinje. Ein tankens hærmann: Vinje flytta tyngda frå kommenterande journalistikk i Drammens Tidende til kåseriliknande essaystikk i Dølen).
Så dersom ein vil ha tak på Vinje som journalistisk fornyar, må ein henta tekstlege ferdaminne frå Drammen før sumaren 1860.
DET ER GREITT å ha Vinje som eit slags førebilete. Men ein kan ikkje, og skal ikkje, gjera som fyrigangarane. Ein skal ha tvisyn på dei.
Sjølvsagt er det meiningslaust å flytta Vinje til vår tid og laga kontrafaktiske scenario om kva han hadde stått for og kvar han hadde skrive. Men det er jo ganske gøy: «Eit Gjestebod millom Humor og Anachronisme». Med eit stykke alvor på botnen. Men det får bli ein annan gong. Nå høver det best å slutta slik:
Min store fader døydde, – Sjå det me alle må, –
Og arven bort dei øydde, Men sumt eg att kan få.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er gildt. Det er gjævt.
Det er stort. Stor arv det er for mannen, av godt folk vera fødd.»
Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.