Tvilsame skuldingar
Ukraina-rapporten til Amnesty International er ikkje overtydande, meiner Camilla Guldahl Cooper, ekspert på krigens folkerett.
Ukrainsk stridsvogn i ei gate i Pokrovsk i Donetsk-regionen 8. juli. Amnesty meiner den ukrainske hæren for ofte plasserer våpensystem og soldatar i bustadstrøk.
Foto: Aariman El-Mofty / AP / NTB
Ukrainske styrkar set sivile i fare ved å plassere militærbasar og våpensystem i bustadområde, slo Amnesty International fast i ein rapport 4. august. Påstandane har vekt svært sterke reaksjonar.
Camilla Guldahl Cooper er førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole og ekspert på krigens folkerett.
– Nye rapportar frå Amnesty International blir ofte refererte til som noko nær objektiv sanning i Noreg. Men ikkje denne?
– Amnesty-rapportar handlar ofte meir om klare menneskerettsbrot som tortur eller fengsling utan dom. Slike saker er mindre kontroversielle. Men her handlar det om krigens folkerett, og det er ikkje så openbert at det er snakk om brot på Genèvekonvensjonane frå ukrainsk side. Da blir det ein heilt annan debatt.
– Reaksjonane er aggressive. Folk fortel på sosiale medium at dei ikkje lenger vil støtte Amnesty. Høgre-politikar Peter Frølich kallar rapporten «koko» og «eit makkverk». Kvifor blir reaksjonane så sterke?
– Éin grunn er nok at veldig mange har sterk sympati med Ukraina. Og denne krigen er ikkje noko ukrainarane har valt sjølve. Dei er i ein svært vanskeleg situasjon, og mange har forståing for at dei kan trakke feil. I tillegg seier Amnesty International at den ukrainske hæren i fleire høve kunne ha innteke posisjonar utanfor byane. Men korleis kan du forsvare ein by utan å vere der?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.