Lita skrift

Tvert om

Publisert Sist oppdatert

Den gongen eg dreiv i bistandsbransjen, fann eg det perfekte prosjektet for norske støttemidlar. Trudde eg. Det var eit tidsskrift for nyalfabetiserte småbrukarar som sleit med å få endane til å møtast i eit lutfattig land. Bladet heitte Enlace, eit spansk ord for nettverk, og der kunne bønder og bygdefolk lesa interessante reportasjar og få god, gamaldags folkeopplysning, men òg moderne landbrukstips og elles råd om økologi, likestilling, dyrevern og hygiene.

Og, ikkje minst, Enlace var utforma med stor skrift som òg dugde for folk som burde hatt briller, men som ikkje fekk, og som dessutan vanta elektrisk lys. Folket hadde altså lært å lesa, men få andre enn tidsskriftet Enlace hadde kome på å skriva noko som gjorde det umaken verdt. Enlace hadde laus høgremarg, alle liner var delte slik at leserytmen blei optimal, og all tekst såg ut som dikt.

Direktoratet for norsk utviklingshjelp las tilrådinga mi, der eg vel òg slo fast at det er uråd å skapa framgang i noko land utaneit slikt tidsskrift.

Norads stadlege representant måtte diverre seia nei til støttemidlar: Ideen var ikkje berekraftig, han var daudfødd. Målgruppa hadde ikkje og kom aldri til å få råd til å kjøpa bladet til ein pris som reflekterte produksjonskostnadene...

Dermed reiste eg heim – og fekk jobb i Dag og Tid.

At Dag og Tid-lesarane ikkje betalte heile produksjonskostnaden, har ikkje vore til hinder for statleg finansiering her, heldigvis, dei siste 60 åra. I verdas rikaste land var ikkje økonomisk berekraft noko imperativ. Her er det tvert om!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement