Tunge tider for korallane
Korallreva langs norskekysten kan bli undergravne av surt vatn som stig frå djupet.
Også langs norskekysten finst det store korallrev. Somme forskarar trur at havforsuringa kan tære vekk fundamentet som reva står på.
Foto: Havforskingsinstituttet
Det er dårlege tider for korallreva i verda. I tropiske hav er det varmen som trugar: Blir havet for heitt, støyter korallane frå seg algane dei lever i symbiose med, og resultatet blir såkalla korallbleiking og død. Dei varme somrane i Australia i 2016 og 2017 kan ha drepe så mykje som halvparten av korallane på Great Barrier Reef utanfor Queensland, og utsiktene vidare i hundreåret er mørke for verdas største rev.
Også i Noreg finst det store korallrev. Røstrevet er over tre mil langt, og somme av reva langs norskekysten er fleire tusen år gamle. I norske farvatn er det ikkje varme, men forsuring som no trugar reva. Djupvatnet ute i Norskehavet er alt i utgangspunktet surare enn korallar likar, med underskot på byggestoffet karbonat, og dei norske reva ligg på sokkelen og kontinentalskråninga. Vatnet i djupet er så surt at det løyser opp kalkskal. No syner målingar at denne sure sona stig med kring ti meter årleg, og ho har nådd opp til kring 1700 meters djup i Norskehavet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.