Tudor-metoden ville fullført brexitDa Henrik VIII skilde lag med Europa, spela han eit langsiktig spel. Det må Storbritannia gjere òg.

Da Henrik VIII skilde lag med Europa, spela han eit langsiktig spel. Det må Storbritannia gjere òg.

Kong Henrik VIII tronar med føtene på pave Clement VI, 1641
Kong Henrik VIII tronar med føtene på pave Clement VI, 1641
Publisert

«Det største mistaket av britisk statskløkt sidan Suez-krisa.» Ein skulle kanskje tru at tidlegare samferdselsminister Jo Johnsons avskjedsord til Theresa May kunne bli udøyelege i historieeksamenar i vidaregåande skule i framtida.

Martin Wolf i Financial Times freista svare på spørsmålet. «Samanlikningar med Suez-krisa i 1956 er ikkje i nærleiken av å treffe», erklærte han for eit par veker sidan. «Dette er ei mykje verre klemme.»

Men kva kan vere verre enn Storbritannias audmjukande tilbaketrekking frå suezkanalsona i 1956? Svaret, om ein skal tru David Keys i The Independent, er München-avtalen frå 1938.

Å byte ut den sure, røykfylte lufta i Nord-California med den fuktige tåkeatmosfæren i London var litt av ein letnad... inntil eg byrja høyre på skravlinga om brexit. Suez? München? Dei er vilt upassande parallellar. I 1956 invaderte Storbritannia Egypt, men vart tvinga av amerikansk økonomisk press til å trekkje seg ut att. Blunderen til sir Anthony Eden var å tru at han kunne utfordre Gamal Abdel Nasser utan først å klarere det med Dwight D. Eisenhower. Feilen avdekte veikskapen til det postimperiale Storbritannia og kor avhengig landet var blitt av Washington.

I 1938 ofra Storbritannia heller Tsjekkoslovakia enn å risikere ein konflikt med Adolf Hitler. Neville Chamberlains blunder var å tru at den tida han vann på kostnad av Tsjekkoslovakia, ikkje var like tilgjengeleg for Hitler. Feilen dømde Storbritannia til å slåst mot Hitler eit år seinare utan utsikter til hjelp frå Sovjetunionen, på grunn av den tysk-sovjetiske ikkjeåtakspakta frå august 1939.

Brexit er heilt annleis. Som eg har hevda tidlegare, var votumet til det britiske fleirtalet i folkerøystinga i juni 2016 eit votum for skilsmisse. Det liknar meir på avgjerda til Henrik VIII i 1532 om å forlate den katolske kyrkja, med veljarmassen no i kongen si rolle. Begge skilsmissene vekte bitter motstand, heime så vel som i andre land. Henriks skilsmisse var både komplisert og langdryg, og ho var nær ved å bli omstøytt av dotter hans, Mary. Det enda med at den engelske reformasjonen stod ved lag. Trass i utfordringar frå habsburgarar, bourbonarar og jakobittar stod Storbritannia fram som ein protestantismens pilar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement