Politikk
Tucker Carlson eggjar til hat mot USA
Den nye dokumentarfilmen til Tucker Carlson er utforma for å skape mistillit til dei viktigaste institusjonane i landet, meiner Anne Applebaum.
Tucker Carlson, som har sitt eige program på fjernsynskanalen Fox News, har laga ein dokumentarfilm saman med regissør Scooter Downey.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
Overalt kring deg flimrar det valdsscenar – eksplosjonar i Bagdad, IS-folk som skjer halsen over på ein vantru, kaoset kring Capitol i Washington 6. januar. Ein ser skakande bilete av vald og brutalitet; ein høyrer lyden av nerveslitande skrik; ein kjenner på stormen av redsle og sinne.
Men så dukkar det opp ein roleg, sympatisk mann, kledd i skjorte. Han forklarer det heile. Han bind dei flimrande bileta saman; han gjev meining til dei forvirrande lydane; han plasserer alt det du nyss har vore vitne til, i ei einskild forteljing. Desse historiene er forvirrande, seier han, fordi dei er sette i scene eller manipulerte.
Ingen av dei har nokon gong vore det dei ser ut som. Under dei ligg det ei djupare sanning: Bra folk, ærlege menneske, sanne amerikanarar, patriotar, folk nett som du, er blitt lurte. Mørke krefter på innsida av den amerikanske regjeringa stelte i stand denne fæle biletsamlinga for å trykke deg ned, for å rydde deg av vegen, for å gjere ende på deg. Når alt kjem til alt, gjev det meining.
Kjernen
Dette er kjernen i plottet og strukturen i Patriot Purge, dokumentarfilmen produsert av Tucker Carlson og Scooter Downey. Den første av tre delar går no på strøymetenesta Fox Nation. Vi kjem attende til det om litt.
Du veit kven Carlson er, mannen i skjorta: den i overkant velkledde propagandisten som vart ekstremist etter at karrieren som moderat republikanar slo feil. Den levande, pustande definisjonen av ordet kynikar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.