Kommentar

Tryggleik på tysk

Det er ikkje lett å forstå kvifor Tyskland stenger ned all atomkraft i ei tid med energikrise. Saka er at tyskarane rett og slett ikkje likar atomkraft.

Greenpeace-aktivist Heinz Smital er mellom dei som feira at Tyskland stengde dei siste tre atomkraftverka i Berlin 15. april i år.
Greenpeace-aktivist Heinz Smital er mellom dei som feira at Tyskland stengde dei siste tre atomkraftverka i Berlin 15. april i år.
Publisert

For ein utanforståande kan det verke som rein, skjær galskap, alternativt hovudlaus idealisme, at Tyskland stenger atomkraftverka sine akkurat no. Har dei ikkje fått med seg at det er energikrise, og at Storbritannia, Frankrike, Polen og den norske milliardæren Trond Mohn vil satse friskt vidare på kjernekraft?

Avgjerda er grundig diskutert. Også etter tysk standard. Vedtaket vart gjort i 2002. Lenge før Putin invaderte Ukraina. Slutten på atomkraft er den aller største politiske sigeren til partiet Die Grünen. Gjennom si korte historie har Tysklands grøne parti hatt to hovudsaker: naturvern og nedrusting. I kampen mot atomkraft gjekk dei to opp i ei høgare eining. Det handla om moglege konsekvensar for naturen ved ei ulukke – men også om at partiet i ei tid med kald krig, der rivaliserande stormakter var vikla inn i ein rustningsspiral, såg atomkraft midt i Europas mest tett folkesette område som ein risiko det ikkje var verd å ta.

Symbol på modernitet

I åra etter den andre verdskrigen vart atomkraft rekna som synonym for det moderne. Reint, vakkert og høgteknologisk. Vest-Tyskland kom litt seint til festen. Grunnen er at atomkraft alltid har eit tryggingspolitisk aspekt. Dei allierte, sigersmaktene etter andre verdskrigen, sette ned foten. Dei såg ingen grunn til at landet som nettopp hadde sendt Europa ut i ein øydeleggjande krig, skulle få tilgang til den slags teknologi. Det hjelpte nok lite på stemninga at Werner Heisenberg, mannen som i krigsåra hadde brukt arbeidsdagane sine til å prøve å byggje ei atombombe for Adolf Hitler, var blant dei fremste promotørane av atomkraftas sak i vesttysk offentlegheit. Men 17. juni 1961 kunne atomkraftverket Kahl levere straum til det tyske straumnettet.

I sine velmaktsdagar produserte kjernekraftverka 30 prosent av straumen i Tyskland. Landet har altså ikkje på noko tidspunkt hatt ei like einsidig satsing på atomkraft som Frankrike. I dag fører dei to landa motsett politikk. President Emmanuel Macron vil ha ein renessanse for kjernekraft. Han vil byggje minst seks nye reaktorar og ivrar for ei felles EU-satsing på atomenergi.

Katastrofar og kritikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement