Trygdeskandalen
28. oktober 2019 vart det som er kalla “den mest omfattande rettsskandalen i norsk historie” offentleg kjent.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
EØS-avtalen trer i kraft i Noreg og gjev rett til fri rørsle av varer, tenester, personar og kapital innanfor heile EØS-området, som då omfatta 15 EU-land og dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.
EU og EØS vert utvida med 10 nye sør- og austeuropeiske medlemsland. Tre år seinare vert også Romania og Bulgaria medlemmer, og i 2013 kjem Kroatia med.
Eksporten av stønader har auka og dei samla utbetalingane via Nav internasjonalt utgjer dette året 4,3 milliardar kroner. Det er nær ei dobling frå 1998. I same periode har dei samla trygdeutbetalingane auka med 13,2 prosent.
Utgreiinga frå Velferds- og migrasjonsutvalet/ Brochmann-utvalet vert lagd fram. Den slår fast at «(a)dgangen til fri bevegelighet for personer, herunder retten til å eksportere trygderettigheter, er et kjernepunkt i EØS-avtalen. Innenfor denne avtalen er det lite rom for nasjonal tilpasning. Et unntak gjelder adgangen til eksport av dagpenger».
EU-revidert trygdeforordning vert teken inn i norsk lov. Artikkel 21 i forordninga seier at ein person som er busett i eller oppheld seg i eit anna EØS-land, har rett til same kontantytingar frå trygdeordninga han er medlem av, som han ville hatt i eigen stat. Same år dobla Nav talet på «anmeldelser» mot personar som fekk trygdeytingar i utlandet, frå 43 i 2011 til 85 i 2012, og i løpet av dei tre neste åra meir enn dobla talet seg igjen, ifølgje VG.
Høgre og Frp dannar regjering og seier i regjeringserklæringa at dei vil «vurdere tiltak som kan begrense og stanse trygdeeksport, men innenfor de internasjonale avtalene Norge er bundet av».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.