Helse

Trur vinsten av vaksinering er liten

Vi veit ikkje om vaksinering av folket no vil ha nokon innverknad på sjukmeldingstala, skriv Preben Aavitsland i FHI.

Preben Aavitsland er områdedirektør i FHI.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje fagleg grunnlag for å subsidiere covid-vaksine til folk utanfor risikogruppene, meiner Preben Aavitsland. Han er fungerande områdedirektør for smittevern ved Folkehelseinstituttet, og har svart på spørsmåla frå Dag og Tid på e-post.

– Kva er årsaka til at det no skal koste over 1000 kroner å få covid-19-vaksine for alle utanfor risikogruppene?

– Det er produsenten som avgjer prisen på vaksinar som blir selde utanfor vaksinasjonsprogrammet. Vaksinar til vaksinasjonsprogram vert innkjøpte av staten direkte frå produsentane, finansierte over statsbudsjettet og normalt gjevne gratis eller til subsidiert pris til målgruppene.

Meir utbreidd immunitet i folket no vernar bra mot seinfølger.

Preben Aavitsland, områdedirektør i FHI

– Har FHI vurdert risikoen for lang-covid eller post-covid i råda de gjev til departementet, eller har de berre sett på risikoen ved akutt sjukdom?

– Det er faren for alvorleg akutt covid-19 som tel i våre tilrådingar til departementet om vaksinasjonsprogrammet. Det norske programmet er ganske likt programmet elles i Europa, inkludert Norden. Vi kjenner ikkje til at noko land tilrår vaksinasjon av heile folket for å førebygge seinfølger.

– Ein studie frå FHI-forskarar i år tydde på at booster-dosar med vaksine kan ha betydeleg effekt på risikoen for seinfølger. Tilseier ikkje dette at det kan føre til ei betre folkehelse om folk tek årlege oppfriskingsdosar?

– Den studien av ei av våre forskingsgrupper synte at seinfølger var litt mindre vanleg hos dei som vart smitta, truleg for første gong, kort tid etter tredje vaksinedose for tre år sidan. Stoda no er annleis. No har dei fleste i landet vore smitta minst ein gong, og det er utbreidd immunitet. Ein teoretisk tilleggsgevinst mot seinfølger av enda ein eller to årlege vaksinedosar no er sannsynlegvis liten.

– Kva kviler den vurderinga på – altså at vinsten ved ein ekstra dose truleg er liten?

– Å tilrå heile folket å vaksinere seg mot covid-19 to–tre gonger i året i eit forsøk på å førebyggje seinfølger av covid-19, er eit enormt tiltak med svært store kostnader, og nokre vil bli råka av biverknader av vaksineringa. Vi treng svært gode prov for nytte dersom vi skal tilrå dette for departementet og overtyde folk om å vaksinere seg så ofte.

– Ifølge Nav har covid og lang-covid vore ei viktig årsak til auken i sjukefråvær sidan 2020. Tilseier ikkje dette at det kan vere samfunnsøkonomisk lønsamt å halde prisen på vaksinen nede?

– Sjukmeldingar med diagnosen A04 – slappheit/trøttheit – har auka dei seinare åra. Årsakene er ukjende. Det har vore spekulert på at nokre av sjukmeldingane kan skuldast seinfølger etter tidlegare covid-19. Vi veit ikkje om vaksinering av folket no vil ha nokon innverknad på sjukmeldingstala.

– Det er no sannsynleg at meir vaksinering vil ha liten effekt: Den samla litteraturen tyder på at seinfølger var hyppigare og meir alvorlege med tidlegare variantar av viruset. Immunitet gjer at covid-19 vert mindre alvorleg. Mindre alvorleg akutt sjukdom gjev mindre fare for seinfølger. Meir utbreidd immunitet i folket no vernar bra mot seinfølger. Den marginale effekten av fleire vaksinedosar vert mindre, skriv Preben Aavitsland.