Russisk kvardagsliv i skuggen av krigen

Squashoverskot

Krigen har gitt russarane ein ny måte å hanskast med ei overflod av grønsaker på.

Publisert Sist oppdatert

I førre avis beklaga eg meg over at eg gjerne ville seie noko pent om Russland, men at det ikkje lét seg gjere fordi vi får nye dramatiske nyhende kvar veke – høgare skattar, nye undertrykkande lover og sånt noko.

Men no har eg faktisk høve til å skrive om noko hyggeleg. For det første har den siste veka bydd på få dårlege nyhende – viss vi har fått dårleg nytt, er eg iallfall ute av stand til å tenke på det.

Dei siste dagane har eg nemleg ikkje tenkt på anna enn eple.

Epla dekker kvar flate på kjøkkenet mitt, kjøleskapet er fylt av eple, det står til og med ein pose eple i gangen fordi eg ikkje veit kor eg skal plassere dei. Det er reine katastrofen.

Av ein eller annan grunn har årets eplehaust i Russland – iallfall der eg bur – vore alt anna enn normal. Alle som har eple i hagen eller på åkeren, riv seg i håret: Det er ikkje mogleg å ete eller foredle alle epla.

Eg hadde nyleg ein liten fest, og dei som kom, hadde med seg eple. Nokre dagar seinare var eg på besøk hos nokre familiemedlemmer, og eg fekk sjå at dei bokstaveleg talt grov eple ned i jorda for å kvitte seg med dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement