Antisemittisme i Storbritannia
Åtak på synagoge skakar Storbritannia
Under jom kippur-feiringa på torsdag vart ei forsamling med jødar i Manchester angripen. Politiet mistenker at gjerningsmannen var motivert av «islamistisk ideologi».
Jødar og tryggingsstyrkar samlast nær åstaden etter åtaket i Nord-Manchester 2. oktober 2025.
Foto: REUTERS / NTB / Phil Noble
På torsdag vart to jødiske personar drepne og tre alvorleg skadde etter
eit bilpåkøyrsel- og knivåtak utanfor ein synagoge i Manchester. Gjerningsmannen
vart skoten og drepen på åstaden. Han er vorten identifisert som Jihad Al-Shamie
(35), ein britisk statsborgar med syrisk opphav. Politiet råka to offer medan
dei skaut mot gjerningsmannen. Eit av desse døydde.
Åtaket skjedde ved Heaton Park Hebrew Congregation-synagogen under jom
kippur, den viktigaste heilagdagen i jødedommen. Politiet handsamar saka som ei
terrorhandling.
Fleire representantar for jødiske samfunn i Storbritannia har sagt at
antisemittismen har vakse dei siste åra, og at åtaket ikkje kjem som ei
overrasking.
– Manchester-angrepet kan ha kome som eit sjokk for politikarane, men
det var ikkje noko sjokk for det jødiske samfunnet. Dersom du har folk i gatene
som ropar ‘globaliser intifadaen’, bør du ikkje bli overraska dersom nokon
faktisk går ut og gjer det. Kva trudde de kom til å skje? sa Mordechai
Wollenberg, ein rabbinar ved ein synagoge i London, til The
Telegraph.
Åtaket
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.