Trur Noreg kan bli nytt Bosnia

Forfattaren Halvor Fosli meiner Noreg er på veg mot eit nasjonalt samanbrot, og vil avvikle ordningane med kvoteflyktningar, asylinnvandring og familiesameining.

Innvandringa til Noreg har gått ned sidan 2015 og 2016, og det store mottakssenteret i Råde har i dag få asylsøkjarar. Halvor Fosli meiner likevel dagens innvandringstal er altfor høge.
Innvandringa til Noreg har gått ned sidan 2015 og 2016, og det store mottakssenteret i Råde har i dag få asylsøkjarar. Halvor Fosli meiner likevel dagens innvandringstal er altfor høge.

Forfattar og tidlegare forlagsredaktør Halvor Fosli byrja etter migrasjonskrisa i 2015 og 2016 å skrive om følgjene av innvandringa til Europa og Noreg. I dag lanserer han boka Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid, gjeven ut på Document forlag.

– Kva vil du med denne boka?

– Dette er den fyrste boka eg skriv som eg tileignar dei fire barna mine. Eg ønskjer å rette merksemda mot framtida som eg meiner Noreg er på veg mot, og som kjem til å møte dei. Som tittelen fortel, meiner eg at Noreg på sikt, med utviklinga vi ser i dag, kjem til å verte svekt som nasjonalstat.

– Kva legg du i det?

– Ikkje at staten kollapsar, for ein stat kan leve med store variasjonar i demografi. Men i nasjonalstaten må det i hovudsak vere samanfall mellom nasjonen og befolkninga. Slik har det òg vore i Noreg dei siste tusen åra, sjølv med innvandring. Men medan innvandrarar primært har vorte assimilerte inn i fleirtalsbefolkninga, er tendensen no at det særleg blant ikkje-vestlege innvandrarar dannar seg store grupper som aktivt segregerer seg. For å setje det på spissen trur eg Noreg kan utvikle seg til ein stat som liknar Bosnia, Libanon og Tyrkia, der ulike folkegrupper står steilt mot kvarandre.

– Er det ikkje i så fall manglande integreringspolitikk som har skulda?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement