Økonomi
Trur kinesarane taper mest
USA toler ein handelskrig mykje betre enn Kina gjer, meiner økonom Kjetil Storesletten.
Alt tyder på at handelskrigen mellom USA og Kina berre blir hardare i 2025, meiner Kjetil Storesletten, professor i økonomi ved University of Minnesota og Universitetet i Oslo.
– Dette ligg i korta. Trump har to berebjelkar i politikken sin: å redusere handelen med Kina og å kaste ut ulovlege innvandrarar. Det siste er vanskeleg. Men å auke tollen på kinesiske varer er lett, så det kjem han til å gjere. Og Kina har budd seg lenge på at dette skal skje.
– Økonomisk teori tilseier at verda i sum taper på handelskrig. Men kven taper og vinn mest på ei eskalering?
– Det veit vi ein god del om, for vi veit kva som skjedde etter at Trump innførte høgare toll i den førre presidentperioden sin. Det viste seg at effekten var overraskande stor. USA har tapt litt på dette, men Kina har tapt veldig mykje. Det heng mellom anna saman med at handel utgjer ein relativt liten del av BNP i USA, medan det er ein stor del av BNP i Kina, der økonomien er basert på eksport. Og dei som tente mest, var land som erstatta kinesisk eksport til USA, som Vietnam og Sør-Korea.
Pluss og minus
Om Europa òg blir drege inn i handelskrigen for fullt, bli konsekvensane meir komplekse, seier Storesletten. Kina-handelen har påverka ulike land og bransjar i Europa ulikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.