Trur ikkje på lukking

Algedøden tilseier ikkje at ein bør gå over til oppdrett i lukka anlegg, meiner Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge.

Publisert

– Når ein ser dei store økonomiske tapa til oppdrettsnæringa på grunn av algane i vår, er ikkje det eit godt argument for ein overgang til lukka anlegg?

– Nei, det er det ikkje. Om du ser på landbaserte oppdrettsanlegg, vurderer Gjensidige den biologiske risikoen som så høg at dei ikkje gjev forsikring til slike anlegg. Ingenting tyder på at fiskehelsa vil vere betre og den biologiske risikoen mindre i slike anlegg enn i opne merdar, seier Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i næringsorganisasjonen Sjømat Norge, som representerer oppdrettsselskap og andre sjømatbedrifter. ?

– Lukka anlegg treng ikkje ligge på land. Akva Future i Brønnøysund har hatt gode resultat med lukka anlegg i sjø i ein del år no?

– Eg utelukkar ikkje nokon type teknologi. Men lukka anlegg i sjø er lite testa. Og ein kan risikere å pumpe inn giftige algar også i eit lukka system.

– Ikkje om ein hentar vatnet djupare enn der dei giftige algane lever?

– Algar er berre ei av fleire årsaker til dødelegheit i oppdrett. Vi kan ikkje stille teknologikrav til heile næringa for å førebygge ein viss type hendingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement