JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Trur Høgre taper mest

Frp i opposisjon kjem til å forsyne seg av Sp si oppslutning på målingane, men fyrst og fremst av Høgre, seier Per Sandberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frp-nestleiar Sylvi Listhaug (t.v.), Frp-leiar Siv Jensen, nestleiar Terje Søviknes og parlamentarisk leiar Hans Andreas Limi  fortalde måndag at Frp går ut av regjeringa.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

4773
20200124

Samtalen

Per Sandberg

Tidlegare Frp-nestleiar og statsråd

Aktuell

Frp ut av regjeringa

4773
20200124

Samtalen

Per Sandberg

Tidlegare Frp-nestleiar og statsråd

Aktuell

Frp ut av regjeringa

eva@dagogtid.no

Så braut firepartiregjeringa saman før det hadde gått eitt år. Tidlegare Frp-nestleiar og statsråd Per Sandberg meiner Frps regjeringsexit har lege i korta heilt sidan KrF gjekk inn i regjeringa.

– Eg åtvara òg sterkt mot å ta dei inn. Ikkje fordi det var KrF, men fordi det er stor skilnad på ei trepartiregjering og ei firepartiregjering. Når fire parti skal inngå kompromiss og forlik, vert politikken til kvart av partia viska ut, og den som har mest å tape på at primærpolitikken kjem i bakgrunnen, er Frp.

– Kva for primærpolitikk er det som har kome i bakgrunnen det siste året?

– Fiskeri- og næringspolitikken spesielt. Der har alt av utvikling stoppa opp. I det siste statsbudsjettet var det òg lite rørsle i skatte- og avgiftspolitikken og lite ny innsats til infrastruktur. Og moderniseringa og effektiviseringa av offentleg sektor har stoppa opp.

– Likevel har du stilt deg tvilande til om det var rett av Frp å gå ut av regjeringa no?

– Ja, eg ser framleis at dei kunne vorte verande i regjeringa, men prøvd å forhandle med Høgre, KrF og Venstre for å oppnå betre resultat for Frp. Om dei ikkje hadde fått betre resultat, hadde det vore større grunnlag for å gå ut av regjeringa. Men det er framleis eitt budsjett og to reviderte budsjett som skal leggjast fram denne perioden, så handlingsrommet ved å sitje i regjeringa ut perioden var der. No kan i staden mykje fantastisk godt arbeid som Frp har gjort i regjeringa, verte reversert fram mot 2021.

– Så det var altså ikkje heimhentinga av IS-kvinna som var grunnen til at Frp gjekk ut, slik du ser det?

–?Jau, eg trur det var dropen som fekk det til å renne over. Det var jo støy i heile fjor, med bompengar og ein stadig hardare retorikk mellom dei fire partia, utan at partiet gjekk ut. Men det er nok den samla belastinga som ligg i botn.

– Kva er dei viktigaste sigrane til Frp i regjeringa, slik du ser det?

– Det er mange. For det fyrste var det før 2013 ingen som såg det som truleg at Frp kom til å kome i regjering eller å klare jobben i regjeringa. Men gjennom seks år har vi no synt at Frp er eit godt regjeringsalternativ. Så har vi redusert skattar og avgifter, som jo tvert om ville ha gått opp om vi ikkje sat i regjeringa, og det har aldri vorte kanalisert så mykje ressursar og midlar til å byggje moderne infrastruktur i Noreg som med Frp. Truleg har vi òg fått på plass noko av verdas mest restriktive innvandringspolitikk og krav om integrering.

– Det meste av innstrammingane i innvandringspolitikken er vel knytt til grep frå EU?

– Nei. Eller jau, mykje er knytt til Schengen, men Noreg har òg – saman med Danmark, som er endå meir restriktiv enn vi – gjort mange grep som ikkje finst i andre europeiske land. Særleg når det gjeld høve til gjenforeining, krav til opphald og returpolitikken.

– Kva for sigrar er det du fryktar skal verte reverserte no?

– Eg ser ikkje vekk frå at det dannar seg ein konstellasjon i Stortinget som vil liberalisere norsk innvandrings- og integreringspolitikk, og at det vert laga ein koalisjon som flyttar ressursar vekk frå vegbygging og over på kollektivtrafikk.

– Så du trur ikkje Granavolden-plattforma kjem til å verte følgd?

– Det er mange ord i den plattforma, men det er jo òg mykje politikk som ligg utanfor plattforma, og som det går å gjere noko med. Så eg meiner stortingsgruppa til Frp hadde stort handlingsrom også med Granavolden-plattforma.

– Frp har gjort eit byks på målingane dei siste dagane. Kven reknar du med partiet kjem til å ta flest røyster frå?

– Det er ein boost på målingane gjorde rett etter at partiet gjekk ut av regjeringa. Spørsmålet er kva som skjer på lang sikt, og om partiet greier å halde på dei som no trekkjer til Frp. Eg trur Frp kjem til å forsyne seg av Sp si oppslutning på målingane, men fyrst og fremst av Høgre i endå større grad enn tidlegare.

– Kva er sjansane for at Frp kjem i regjering att?

– Frp kjem truleg til å gjere eit svært godt stortingsval i 2021, men eg trur ikkje Høgre kjem til å gjere noko godt val, og eg er rimeleg sikker på at KrF kjem til å snu att i 2021 og ikkje inngå i noka ikkje-sosialistisk regjering. Difor er dei samla sjansane for ei ikkje-sosialistisk regjering små.

– Trur du Siv Jensen vert sitjande som partileiar no når regjeringsprosjektet er over?

– Ho sit så lenge ho ønskjer, det er eg rimeleg sikker på.

– Kjem du tilbake til partiet?

– Ja, eg håpar det. Men nett no er det næringspolitikk som er fyrsteprioritet for meg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Frp kjem truleg til å gjere eit svært godt stortingsval i 2021.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Samstundes som Russland har formannskapet i Tryggingsrådet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no, skriv Bernt Hagtvet.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP / NTB

Samfunn

Ei verdsordning i oppløysing

Internasjonal politikk tek meir og meir farge av dei resultatlause samkomene, med Tryggingsrådet i FN som fremste symbolet på manglande handlekraft.

Bernt Hagtvet

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis