Trur EU kan styrkje seg
EU kan kome ut av koronakrisa meir integrert enn tidlegare, meiner forskar og professor Marianne Riddervold.
Frankrikes president Emmanuel Macron (t.h.) og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel er ikkje samde om dei langsiktige tiltaka for å hindre økonomisk nedgang som følgje av koronapandemien.
Foto: Yves Herman / Reuters / NTB scanpix
Regjeringssjefane i EU har godkjent ein krisepakke på 540 milliardar euro, men kom ikkje til semje om meir langsiktige tiltak for å hindre økonomisk nedgang som følgje av koronapandemien då dei møttest til videokonferanse førre veke.
Italias statsminister Giuseppe Conte seier ifølgje The Guardian at koronakrisa har utvikla seg til ei økonomisk og sosial krise, men at EU no står overfor ei politisk krise òg. Kor alvorleg er situasjonen for unionen? Vi spør Nupi-forskar og professor i statsvitskap ved Høgskolen i Innlandet, Marianne Riddervold.
– Koronakrisa og konsekvensane av den er den største krisa EU har stått overfor. Samstundes er det òg urettvist at EU får kritikk for å gjere for lite, for helsepolitikken er eit av områda der medlemslanda har valt å ikkje gje frå seg kontrollen til EU. Men krisa syner kor samanvovne landa er på andre område, og korleis alt heng saman, særleg økonomisk. EUs sentralbanksjef meiner EU står overfor den største resesjonen nokon gong, og at BNP i eurosona kan gå ned med i verste fall 15 prosent i 2020. Ei side ved krisa er òg at ho påverkar landa ulikt. Dei som hadde økonomiske utfordringar frå før, er hardast råka både helsemessig og økonomisk.
– Er landa så splitta som den italienske statsministeren ser det?
– Han har jo ein eigen stil, men frontane vert tydelegare. Samstundes er det ikkje diskusjon om EU skal gjere noko eller ikkje. Alle er samde om at dei må berge dei mest utsette, og berge den indre marknaden. Usemja går fyrst og fremst på kor mykje dei skal gjere, og korleis.
– Kvar er dei største motsetnadene?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.