Kommentar
Trumps valsiger har gjeve Netanyahu ny sjølvtillit.
No kvittar han seg med dei moderate kreftene i leiinga og gjev meir spelerom til dei yttarleggåande. Det kan verta lagnadstungt.
ALLIERTE: Benjamin Netanyahu på besøk hos daverande presidentkandidat Donald Trump på Mar-a-Lago i Florida 26. juli. i den førre presidentperioden sin gav Trump heilhjarta støtte til Netanyahu og Israel.
Foto: Alex Brandon / AP / NTB
Då Benyamin Netanyahu vitja den amerikanske kongressen i juli i år, gjorde den israelske statsleiaren noko uhøyrt. Han tala til «den framtidige amerikanske presidenten – og min favorittpresident, Donald Trump». Netanyahu hadde ein bodskap til Trump: Når du tek over neste år, vil du og eg sjå Abraham-alliansane komme til liv. (Abraham-avtalane er eit prosjekt for å normalisere forholdet mellom Israel og dei arabiske landa og vart innleidd i førre Trump-perioden, red. merk.) Bibi inviterte til tango for to. Men ei dryg veke etter at Trump gjorde reint bord i vippestatane, vert det stadig meir uvisst om det er ein fredsmarsj eller ein dødsdans Bibi har bydd han opp til.
Eitt år etter at bakkeoperasjonen på Gaza tok til, og israelske fraksjonar har marsjert nokolunde i takt, dreg det seg verkeleg til i Israel. Forsvarsminister Yoav Gallant (som aktor ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag har bede om ein arrestordre på, til liks med Netanyahu og tre Hamas-leiarar som no er døde) vart denne veka kasta ut av regjeringa. Rykta vil ha det til at statsministeren ønskjer å kvitte seg med forsvarssjefen og sjefen for etterretningstenesta Shin Bet òg.
Farlege statsrådar
Årsaka er at Gallant, med støtte frå dei to andre, nyleg kom med tre ultimatum til statsministeren. Kvart krav kan truleg åleine velte Netanyahus politiske allianse med dei ytterleggåande ministrane Bezalel Smotrich (finans- og viseforsvarsminister med ansvar for ekspansjonen på Vestbreidda) og Itamar Ben-Gvir (tryggingsminister). Statsrådane frå nybyggjarrørsla er både farlege og nyttige for Netanyahu. Dei er farlege fordi dei har kunngjort at dei vil starte ein borgarkrig i Israel dersom leiarskapen nokon gong skulle akseptere ei tostatsløysing med palestinarane. Og dei er nyttige fordi dei ryddar land i det historiske Israel, som også Netanyahus del av høgrefløya vil sikre seg om Israel no skal pressast ned i tostatskverna.
Gisselkrav
Det første kravet frå Gallant handla om rekruttering til dei israelske styrkane. Som forsvarsminister prøvde han å handheve det nye påbodet til ortodokse menn om å melde seg til teneste i dei væpna styrkane og gjere «sin del av jobben». Det er eit brot på føresetnadene om det ortodokse Shas-partiets støtte til Netanyahu (fritak frå militæret). Påbodet vil auke mannskapet i militæret, men truleg velte koalisjonen til statsministeren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.