Trump trampar muntert på sitt eige partiLur flørting med demokratane tyder på at Donald Trump er ein

Lur flørting med demokratane tyder på at Donald Trump er ein rino – «republican in name only».

Chuck Schumer, som leier det demokratiske partiet i det amerikanske senatet, er med på flørten til president Donald Trump.
Chuck Schumer, som leier det demokratiske partiet i det amerikanske senatet, er med på flørten til president Donald Trump.
Publisert

«Han liker oss. Han liker meg, i alle fall.» Chuck Schumer, leiaren for det demokratiske partiet i det amerikanske Senatet, har verkeleg ein viss naturleg affinitet til president Donald Trump. Den første er fødd i Brooklyn, den andre i Queens. Dei kjem begge frå dei ytre delane av New York, og dei veit at Manhattan alltid vil sjå ned på dei.

For eit par veker sidan plukka ein mikrofon opp det Schumer sa om sin siste samtale med presidenten. «Eg sa: ’Mr. President, det vil vere mykje betre for deg om du av og til tek nokre steg til høgre, og andre gonger nokre steg til venstre. Om du må gå i berre éin retning, er du fanga.’ Han skjønar det. (...) Det kjem til å fungere, og det vil gjere oss meir produktive òg.»

Det verkar å vere den sprøaste ideen i moderne amerikansk politisk historie. Ein republikansk president som har republikansk fleirtal i begge husa i Kongressen, og som nyt ein stabil popularitet blant republikanske veljarar, leikar i løyndom med demokratane. Det byrjar sakte å gå opp for dei mest ihuga tilhengjarane av Trump at han kan hende ikkje er framand for tanken på å gå regelrett til sengs med fienden, eller bli den første topartipresidenten i amerikansk historie.

Det heile byrja for 16 dagar sidan, da Trump overraska republikanarane med – tilsynelatande på impuls – å godta eit framlegg frå leiarane for demokratane: Dei ville røyste for hjelp til offera for orkanen Harvey dersom gjeldstaket vart heva og regjeringa heldt fram med å løyve pengar i tre månader. Trumps eigne hadde planlagt å heve gjeldstaket i eitt og eit halvt år.

Om morgonen den same dagen hadde speaker Paul Ryan fordømt framlegget til demokratane som «latterleg og skammeleg». Likevel svelgde Trump framlegget heilt, og overlét til partiet sitt å fundere over eit kolossalt lovarbeid i desember. Schumer og kollegaen hans i Representanthuset, Nancy Pelosi, gjorde ingen freistnad på å skjule jubelen sin. Trump la skam til skade ved å omtale dei kjærleg som «Chuck og Nancy».

Dette var ikkje noka villfaring. Tidlegare denne månaden kunngjorde justisminister Jeff Sessions at programmet kjent som Deferred Action for Childhood Arrivals skulle avviklast. Dette er programmet som verna om lag 690.000 papirlause immigrantar som kom til landet som born, mot å bli deporterte. Torsdag for to veker sidan gjorde Trump republikanarane mållause éin gong til, ved å seie seg viljug til å gje permanent opphaldsløyve til dei såkalla «drøymarane», som del av ein annan avtale med demokratane. Skulle denne avtalen ha som vilkår at demokratane skulle gå med på å løyve pengar til Trumps grensegjerde til Mexico? Niks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement