Trump regjerer ved å bryte reglaneDonald Trumps skremmande utspel om Nord-Korea og toll kan bere frukter.
Donald Trumps skremmande utspel om Nord-Korea og toll kan bere frukter.
Tida vil vise om det blir eit møte mellom den nordkoreanske statsleiaren Kim Jong-un og president i USA Donald Trump.
Fotomontasje: Lucas Jackson / Reuters / NTB scanpix
Eg er ein skotte frå middelklassen, så på skulen spela eg rugby, ikkje fotball. Ein dag kom ein ny gut med stipend til The Glasgow Academy. Han var uvanleg storvaksen for alderen. Arbeidarklasserøtene hans hadde gjeve han anlegg for både verbal og fysisk vald. Han gjekk med eit sjølvsikkert ganglag vi såg opp til med ærefrykt. Den einaste feilen til dette sjeldne eksemplaret var at han ikkje hadde peiling på ein einaste av reglane i rugby. Men i løpet av den første kampen han var med i, synte han kvikt at vankunna hans ikkje var noko handikap. Så svær var han, og så aggressiv, at alt vi hadde å gjere, var å gje han ballen og syne han rett retning. Han braut regel etter regel, og vart straffa, sjølvsagt, men det spela inga rolle. Kvar gong han fekk ballen, skåra han. Eg lærte ei viktig lekse den dagen. Det er at medan reglar gjeld for oss alle, er dei ikkje like heftande for alle.
Dei siste påfunna til president Donald Trump har mint meg om den gamle skulekameraten min. I løpet av den siste veka – ja, i løpet av det siste året – har Trump brote den eine politiske regelen etter den andre. «Då eg melde meg inn i det konservative republikanske partiet», sa ein framifrå tenkjetanktenkjar til meg førre torsdag, «trudde eg konservatisme stod for fri handel, ansvarleg skattepolitikk og personleg karakter.» Han kunne lagt til «med fast hand overfor diktatorar».
Det er sant at Trump ikkje er den første republikanske presidenten som legg toll på import, skaper eit digert budsjettunderskot og går med på å møte ein kommunisttyrann. (Eg er temmeleg viss på at han er den første som blir saksøkt av ei pornostjerne, men la oss halde Stormy Daniels utanfor dette.) Både Richard Nixon og Gerald Ford innførte toll på grunn av den nasjonale tryggleiken. Både Ronald Reagan og George W. Bush skapte monalege budsjettunderskot. Og dersom Trump reiser til Pyongyang, vil det vere eit umiskjenneleg ekko av Nixons berømte tur til Beijing i 1972.
Likevel er det så å seie allmenn semje blant politiske kommentatorar om at Trump bryt alle reglane. Ved å annonsere ein tollsats på 25 prosent på stålimport og 10 prosent på aluminium vil han ikkje berre skade alle dei sektorane av den amerikanske økonomien som er avhengige av desse importvarene, men han risikerer òg å styrte verda ut i ein proteksjonistisk handelskrig når han øydelegg den liberale internasjonale ordenen som er så mødesamt bygt opp av amerikanske statsmenn sidan 1945.
Ved å gå med på å treffe den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un går han i den fella som andre presidentar var varsame nok til å unngå, for Kim vil leggje det ut som ein diplomatisk siger: «Sjå! Den åreforkalka gamlingen handsamar meg som sin likemann!» Og så vil han bryte kva avtale som enn måtte kome i stand, slik far hans gjorde i 1990-åra.
For røynde observatørar av livet i Washington er dette verkeleg eit sjokkerande vis å drive regjering på. Det mest sjokkerande er ikkje så mykje politikken, som måten han blir til på. Då Gary Cohn gjekk av for eit par veker sidan som sjefrådgjevar for presidenten i økonomiske saker, var det berre den siste av ei rad avgangar frå Det kvite huset. Det er ikkje slik det er forventa å verke. I det andre året av kva regjering som helst, reknar ein med at dei vaksne har teke ansvar for styre og stell.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.