JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

16392
20241101

Bakgrunn

Teksten vi trykkjer her, er eit utdrag frå ein tale presidentkandidat Donald Trump heldt i Traverse i vippestaten Michigan 25. oktober 2024.

Vi trykkjer dei første 20 minutta av talen. Heile talen var på 1 time og 10 minutt. Resten av talen handla mellom anna om at han vil gje «enorme skattekutt til arbeidarane», at USA raskt vil bli energiuavhengig, at han vil kutte energiprisane til det halve i løpet av 12 månader, og at «Russland aldri ville gått til åtak på Ukraina» med Trump som president.

Trump entra scena til eit spesialkomponert musikalsk verk som blir spelt når fribrytaren The Undertaker går i ringen. Den dystre musikken vara i sju minutt, før «God Bless the U.S.A.» av Lee Greenwood vart spelt, medan Trump, i svart frakk og svart Maga-caps, gjekk fram og tilbake på scena.

Tusen takk. Eg må verkeleg beklage. Dette var noko dei ville gjere, og eg kom meg ikkje derifrå. Eg tenkte de ikkje syntest det gjorde noko, for vi freistar vinne.

Eg vart intervjua av ein bra mann eg ikkje kjende altfor godt, men eg vart kjend med han fordi dette vart det lengste intervjuet eg nokon gong har gjeve. Joe Rogan, ein fin fyr. Det var supert. Og det var noko anna vi måtte gjere, som var svært viktig, og eg sa: «Vi må få gjort alt dette.» Og folka mine kom til meg og sa: «Sir, vi kan avlyse kveldsmøtet. Eg er viss på at folk ikkje vil ta det ille opp.»

Eg sa: «Er du galen? Eg avlyser ikkje. Aldeles ikkje. Eg avlyser ikkje. Aldeles ikkje.» Vi ville aldri... Så eg ber om orsaking, men det handlar om å vinne. Vi må vinne. Og vi gjorde ting i dag som vil hjelpe oss å vinne. Det blei mange opptak, mykje av det eine, mykje av det andre, mykje av alt, og vi er på veg oppover. Eg skal eigentleg ikkje seie det, men vi er på veg oppover. Ikkje berre meiningsmålingane, men førehandsrøystene... Eg trur vi leier i alle dei sju vippestatane.

Men greitt, gløym at eg sa det. Gløym det, for alle må ut og røyste. Kven har røysta så langt? Kven skal røyste?

Eg tenkjer alltid at de liker å røyste litt seint. I dette partiet røystar vi litt seint, og det er greitt. Eg forstod det. Så eg hissar meg aldri opp over det eine eller det andre, men vi leier, faktisk, på stader der republikanarane tradisjonelt ikkje leier, og faktum er at dei kan gå ned med 30, og så tek vi dei att på slutten, men... Litt skremmande, litt nifst. Men vi leier i så å seie alle, ikkje sant? Så å seie alle? Til vanleg leier dei, og så tek vi dei att, og i vårt tilfelle slår vi dei vanlegvis.

Vi gjorde det godt i 2016. Vi gjorde det mykje betre i 2020, men de veit, det skjedde mykje stygt den gongen. Men denne gongen tek vi dei, vi har aldri hatt ein entusiasme som denne, og ein del av årsaka er at dei er så elendige. Her har vi ein liten dose dårleg leiarskap, vi har ein liten dose inkompetente personar... Veit de kvar ho er i kveld? Ho festar.

Israel går til åtak, vi har ein krig på gang, og ho er ute og festar.

I det minste arbeider vi for å gjere USA storslått igjen. Det er det vi held på med.

Kamala... Kamala, som er den verste presidenten i historia til landet vårt... Ho er den verste visepresidenten i historia til landet vårt. Ho var på CNN for eit par kveldar sidan, to kveldar sidan, og det ho seier, heng jo ikkje saman.

Ho kan ikkje bli presidenten vår. Vi kan ikkje la det skje. Det vil bety slutten for landet vårt.

Så eg vil seie varmt hallo, Michigan. Det er kjempekjekt å vere attende i denne utruleg fine delstaten med tusenvis av stolte hardtarbeidande amerikanske patriotar.

Og eg vil gjerne byrje med å stille eit svært enkelt spørsmål: Har de eit betre liv no enn de hadde for fire år sidan?

Mange takk, alle saman. Vi skal få det fint. Eg trudde at om det vart litt seint, ville det ikkje spele noka rolle. Det er fredag kveld, ikkje sant? Ein mistar oversikta. Hugsar de da Biden gjekk fram og sa: «Det er kjekt å vere i Idaho.» «Sir, du er i New Hampshire.» Du veit, om du gjer sånt, om du gjer den feilen, så spelar det inga rolle... Winston Churchill var ein stor talar. Om du gjer den feilen... Det spelar inga rolle kven det er. Kvelden er over. Du er ferdig. Men han pla gjere det heile tida, ikkje sant? «Det er kjekt å vere i Florida», og så skjøner du at det er Vermont eller ein annan plass. Tullete.

Det vi har gjennomgått med denne gruppa inkompetente personar... Veit de kva? Vi toler ikkje fire år til, og vi ville ikkje tolt... Eg er ikkje sikker på om vi toler tre eller fire månader til, for å seie det som det er.

Men eg er her i dag med ein bodskap om håp for alle amerikanarar. Med dykkar røyst i dette valet skal eg få slutt på inflasjonen, eg vil stogge invasjonen av kriminelle inn i landet vårt, og eg vil bringe attende den amerikanske draumen. Vi skal bringe han attende.

Og dette er alt de verkeleg treng å vite. Dei øydela det, og eg skal fikse det. Vi skal fikse det, og vi skal fikse det fort.

Vi skal fikse det fort. Med dykkar støtte 5. november vil Amerika bli større, betre, modigare, rikare, tryggare og sterkare enn nokon gong før. Vi skal bli... Vi klarer det. Vi har mykje arbeid å gjere. Da dei tillét 21 millionar menneske å kome inn i landet i løpet av tre og eit halvt år... Det er mykje fleire enn det, trur eg. Dei anar ikkje. Dei har ikkje peiling. Ein veit ikkje eingong kor stort landet er. Er det 325? Er det 350? De veit, land plar vite omtrent kor stort... Dei har sleppt inn så mange at ein ikkje anar kor stort landet er.

Men vi skal finne ut av det. Men vi må bli kvitt dei dårlege folka i ein fei. Det må vi. Vi har ikkje noko val.

Og dette valet er eit val mellom det å ha... om vi skal ha fire år til med inkompetanse og feilgrep, eller om vi skal gå inn i dei fire største åra i historia til landet vårt.

Det skal vi gjere. Kamala Harris. Kamala. Kamala...

Ho er så ille. De veit... Ho er så ille.

Og kan de sjå for dykk ein president... Ho... Han er ein bisk type. Nokon sa: Korleis er han? Eg sa: Han er bisk. Han kjem inn og seier: «Hallo, vi skal gå attende til arbeidet med det same.» Han er bisk. Det er ikkje noko tull der. Det er ikkje noko tull. Når han ser dette, vil han ikkje skjøne det. Det kan eg garantere. Kva i helsike har skjedd med landet vårt?

Så eg seier dette: Dei seier at det viktigaste på meiningsmålingane... Det viktigaste dei har, er økonomien. Og så har dei inflasjonen. Og så har dei grensa. Og eg er usamd. Eg meiner grensa er nummer éin. Grensa og... Inflasjonen er forferdeleg. Og økonomien stinkar på grunn av inflasjonen. Han stinkar – på grunn av inflasjonen. Men eg meiner at det viktigaste er grensa, for dei har sleppt inn millionar av menneske, frå fengsel og frå institusjonar for psykisk sjuke, for å øydeleggje landet vårt. Og vi vil ikkje la det skje, men eg meiner verkeleg... Er det nokon som er samde? For det er eg.

Kamala Harris fører ein hatkampanje. No har ho byrja med noko nytt. Eg trur dei kallar meg diktator no.

Dei byrja med å kalle meg diktator. Det fungerte ikkje. Så gjekk dei over til: «Han er et vondskapsfullt geni.» Det fungerte ikkje. Så gjekk dei over til: «Han er ein dum dritsekk.» Det fungerte ikkje. Det vara ikkje lenge.

Det vara ikkje særleg lenge.

Så gjekk dei attende til diktatorgreia... Dei veit ikkje kva dei gjer, desse stakkars folka, desse stakkars fortapte sjelene.

Dei er som fortapte sjeler. Dei er radikale venstrevridde skrullete demokratar, og dei lir av Trumps sinnsforvirringssyndrom på eit nivå som ... Og ho er med på... Eg møtte Hillary i dag. Vi skal ha eit stort opplegg på sundag, i Madison Square Garden, og eg trur det var i 1930-åra at ein fyr som hadde ein viss sympati for nazistane var der, og ho sa: «Det er nett som på 1930-talet.» Nei, det er det ikkje. Nei. Det heiter «å gjere USA storslått igjen». Det er det det heiter.

Det er ikkje bra.

Hillary Clinton, veit de, vedgjekk nederlaget... Eg veit ikkje kva som går av henne. Klokka tre om natta, eitt minutt over tre, ringde ho meg og vedgjekk nederlaget... Eg treng ikkje fortelje dykk alt saman. Men ho vedgjekk det. Eg vil ikkje vere uforskamma mot henne. Kvifor skal eg vere uforskamma mot henne? Ho er uforskamma mot meg. Kvifor skal ikkje eg vere uforskamma mot henne?

Vel, eg er det.

Da folkemassane ropte «Set henne i fengsel! Set henne i fengsel!» pla eg seie: «OK, slapp av, vi kjem til å vinne.» Og så vann vi, og dei sa framleis «Set henne i fengsel!», og eg sa: «Ta det berre med ro. Vi vann jo nettopp. Slapp av.» For eg kunne ikkje sjå for meg kona til ein president i USA bli hiven i kasjotten. Eg kunne ikkje sjå det for meg – sitje inne, sitje i fengsel... Dessutan var ho utanriksminister, og eg høyrer henne snakke som... Du veit... Aldri har ein mann blitt etterforska slik Donald J. Trump har blitt det. Ikkje Al Capone. Alfons Capone. Om han hadde middag med deg og ikkje likte deg, var du daud.

Eg blei etterforska i lengre tid enn Scarface. Al Capone.

Men det er fantastisk. Det er mange som ville setje henne i fengsel. Dei gav blaffen. Eg sa: «Det kan de ikkje gjere. Kona til ein president...» Og så kjem eg inn, og dei vil ta meg, desse dyra, desse skitne dyra.

Eg leier ei rørsle full av optimisme og sjølvtillit og håp. Og eg ber dykk vere entusiastiske for framtida til landet att, for det er ingenting å vere entusiastisk for med desse idiotane som stiller til val. De skal byrje å tenkje på den store draumen, den amerikanske draumen. De skal byrje drøyme att, og dette kjem til å bli ein ny gullalder for USA. Vi skal gjere det til gullalderen. Vi ligg litt etter ... Vi ligg litt langt frå målstreken. Vi må bli kvitt nokre av problema dei har skapt.

Men grunnen til at entusiasmen er så god, og på grunn av det. Viss vi skulle gjere det på det meir tradisjonelle viset, der du vinn, og du vinn, og så trekkjer du deg attende, vil eg tru, resten av livet, ikkje sant, for pokker... Så vi vann, og vi vann, men dei sa: «Beklagar.» Og så vann vi igjen ... Tenk... La oss seie at vi vann tre gonger, men vi vil ikkje... Vi vil ikkje ha resultata frå den andre... Vi vil ikkje ha dei resultata, men vi skal rydde opp i resultata frå den andre omgangen. Vi skal rydde godt opp. For resultata frå den andre gongen... Sjå på kriminaliteten her i landet. Sjå på kriminaliteten. Det har aldri vore slik som no. Da eg var i debatt med den falske nyhendejournalisten på ABC, David Muer, den falske...

Ein falsk ekling. Eg ser ikkje på programmet hans lenger. Same kva eg sa, sa han «nei, nei»... Eg sa at kriminaliteten har gått gjennom taket, han er ustyrleg. Han sa nei, nei, kriminaliteten har gått ned. Eg sa at berre ein som er dum, vil seie at kriminaliteten... Du treng ikkje kunne noko, du treng ikkje sjå på statistikken... Kriminaliteten har auka. Og når du legg til migrantkriminaliteten, som får vår eigen kriminalitet til å sjå ut som småtteri... Og forresten... Dei kriminelle migrantane... Det einaste som er positivt med dei, er at dei får våre eigne kriminelle til å verke som bra folk. Svært bra folk.

Alle problem landet vårt står overfor, kan løysast, men no er lagnaden til nasjonen vår i dykkar hender, og det er han verkeleg. Altså, dersom vi vinn Michigan, vinn vi heile greia.

Og de er nøydde til å røyste på meg.

Eg knuste nettopp den største bilfabrikken i verda, i Mexico, eigd av Kina. Eg knuste han. Han er daud. Han er daud. Dette er så stort... Detroit ville blitt nedlagd. Det er så stort... Og eg har høyrt om det. Eg har snakka om det. Eg har snakka med dei fremste i Detroit Economic Club... Svært hyggeleg... Eg snakka om desse fabrikkane som blir bygde i Mexico, nær grensa. Dei skal lage bilar og selje dei i USA. Det blir omtrent som å lage kjeks, eigde av Kina, og dei skulle kome og øydeleggje verksemdene de har her, altså verksemdene gjennom mange år. Sjå på dei siste 30–40 åra. Bransjen er desimert samanlikna med det han var.

Vi skal bringe bilindustrien attende til Michigan. Vi skal bringe han attende til Detroit.

Men eg høyrde om ein av desse... Det er særleg éin... Desse enorme fabrikkane som skal byggjast, og som alt er klappa og klart for. De har høyrt det... Ein ven av meg byggjer fabrikkar. Eg sa: «Ta meg med til ein fabrikk. Eg vil sjå ein fabrikk.» Han sa: «Da må vi til Mexico.» Eg sa: «Eg vil sjå ein i USA.» Han sa: «Vel, det blir ikkje bygd nokon stor fabrikk her samanlikna med dei. Vil du sjå dei store, må du til Mexico.» Eg sa: «No tullar du! Kva er dette for noko?» Dei sa: «Nei, vi byggjer nokre verkeleg store for Kina.»

Straks tenkte eg... Eg sa: «Korleis kan vi knuse desse krapyla?» Og dei sa: «Vi legg 100, 200, 400, 700... Vi skal leggje på dei største avgiftene, det vil ikkje vere ein einaste bil som vil vere i stand til å krysse grensa vår.»

Og eg sa... Eg kunngjorde det, og i klubben kunngjorde eg det, og så, for ei veke sidan, to veker sidan, var eg på ei tilstelling, og eg ser... Eg ser at namnet hans er John. Ein bra mann. Det er han som byggjer mange av fabrikkane. Dei fleste. Det er heilt fantastisk, eigentleg. Det er det han driv med. Viss du... Viss han skulle byggje eit lite husvære ein eller annan stad, er det ikkje sikkert at han ville klare det, men han kan byggje ein fabrikk som er tre kilometer lang, og han er god til det. Og eg sa: «Korleis går det med fabrikken?» Dette var for eit år sidan, første gongen eg møtte han, og han sa: «Vel, sir, dei avlyste nettopp bygginga av den kinesiske fabrikken.» «Kven avlyste det?» «Kina.» «Og meksikanarane er rasande.» «Kvifor er dei rasande?» «Fordi bygginga blei avlyst.» Eg sa: «Det kan dei vel ikkje? Kvifor avlyste dei det?» «Fordi dei sa at dei trudde du kom til å vinne, og viss du vinn, kjem du til å leggje så høge avgifter på dei at dei aldri vil kunne selje nokon som helst bil inn til USA og øydeleggje Detroit.»

Dei berre avlyste heile greia. Så da er vi nøgde, ikkje sant? Eg fekk nettopp vite det, for eit par dagar sidan. Så vi tok nettopp knekken på det som truleg ville blitt den største fabrikken i verda, og som ville ha øydelagt delstaten Michigan.

Så no skal de røyste på Trump, for Kamala kjem aldri til å gjere noko slikt. Kamala veit ikkje at ho lever.

Om de såg henne bli intervjua av Alison Cooper for nokre kveldar sidan... Han er hyggeleg. Veit de kven Alison Cooper er? CNNs falske nyhende... Ho sa: «Han heiter Anderson.» Nei da.

Dersom de såg det intervjuet, ville de aldri ha henne som president. Ho kunne ikkje svare på sjølv enkle spørsmål. «Kva ville vere det første du ville tenkt på?» «Kva har du tenkt å gjere?» «Jo... Eg vaks opp med ei nydeleg plen.»

Ho sa det i debatten òg. Det same. Eg hadde David Mure og denne andre... Eg veit ikkje kva ho heiter. Eg vil ikkje vite kva ho heiter. Det var ein som sa: «Vi skal få tak i namnet, sir.» Eg sa: «Eg vil ikkje vite kva ho heiter. Kvifor skulle eg ønske å vite kva ho heiter?» Berre sei: «Fru Ikkje-noko-namn»... Dei slo laus frå høgre og venstre. Dei er fæle. Nei, ABC er verst.

Men 6o Minutes tok kaka. 60 Minutes intervjua Kamala, og ho var ute av stand til å svare på spørsmåla. Og dei stilte det viktigaste spørsmålet, ganske tidleg, men det var eit viktig spørsmål, og det var... Eg liker ikkje ordet «ordsalat», men eg meiner... Det var så teit. Det var berre ei diger røre av ord. Ho snakka i hytt og vêr, utan mål. Så greitt... Dei stilte eit spørsmål, tok det ut, kasta det og la inn eit splitter nytt svar, som var eit falskt svar. Det hadde ikkje noko med spørsmålet å gjere, og dei blei avslørte.

Slik eg ser det, er dette den største skandalen i kringkastingshistoria. Det er svindel, og det forstyrrar presidentvalet. Slik eg ser det, er dette den største skandalen i kringkastingshistoria. Det er svindel, og det forstyrrar presidentvalet. Dei bør slutte å sende 60 Minutes. Dei bør det. Og CBS bør miste lisensen. Styresmaktene gir lisensen til dei falske nyhenda på NBC, dei falske nyhenda på ABC og dei falske nyhenda på CBS... Dei må betale... Dei betaler milliardar av dollar. Dei får dei gratis. Dei betaler ingenting. Dei er offentlege kanalar, og dei betaler ingenting. Og veit de, dei må vere ærlege, og dei var svært uærlege, og ABC var svært uærlege med David Mure... Han spurde henne ikkje om noko... Alt eg svarar, boom, dei kritiserer det. Og dei tok feil, alle, trur eg, og alle svara hennar var feil.

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis