Trump ord for ord
Donald Trump har starta valkampen 2020, og held folkemøte rundt om i USA. Presidenten hevdar ofte at media forvrenger bodskapen hans. Men kva seier eigentleg Trump i talane sine når han sjølv har regien? Vi trykkjer her den fyrste timen av talen Trump heldt i Minneapolis i Minnesota 10. oktober, ord for ord.
«Dei vil viske ut framtida dykkar. Men dei vil ikkje lukkast, for i Amerika... er det folket som styrer... igjen». Donald Trump i Minneapolis 10 oktober 2019.
Foto: Leah Millis Reiters / NTB scanpix
Tusen takk. Takk, Minnesota. Dette er ein stor stat, vi kjem til å vinne denne staten om kort tid. Takk.
Dette kjennest som dagen før valet. Vi har minst 20.000 menneske her inne – vi sette nettopp ny rekord – og 25.000, som vi likevel elskar, utanfor, og nesten 100.000 som ønskte å vere her i kveld. Takk alle saman. Dette er storarta, dette er storarta. Takk.
Eg vil takke vår store visepresident, Mike Pence, og Karen Pence, for at dei er her i kveld.
Det er flott å vere attende i tvillingbyane med dei fridomselskande amerikanske patriotane som held hjula i gang i USA, det veit de. Dei neste 13 månadene – tenk på det, det verkar som det var i går – skal vi kjempe med heile vårt hjarte og heile vår sjel, og vi skal vinne den store staten Minnesota i 2020.
USA har no den beste økonomien i heile verda, og dei er ikkje eingong i nærleiken. De veit at eg forhandlar med Kina akkurat no, dei er i Washington, vi skal få til ein avtale. Dei vil ha ein, vi skal avgjere om det vert nokon avtale, men dei har vore svært hyggelege. I dag fekk eg ein telefon frå ein av topprepresentantane, og han sa: «Gratulerer, herr president, med at de har ein verkeleg storarta økonomi.» Det var jo hyggeleg.
Sidan valet har vi tent billionar av dollar, og Kina har tapt billionar av dollar. Eg vil seie dette: Dersom motstandarane hadde vunne valet, veit de kva som ville ha hendt? Kina ville ha vorte – ville vore – verdas største økonomi, og nett no, kan eg fortelje dykk, er dei ikkje eingong i nærleiken. Landet vårt er sterkare enn nokon gong tidlegare, og det er fordi vi stolt prioriterer – for første gong på lang tid – USA.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.