Sideblikk
Trump makes China great again
Kina opptrer stadig meir sjølvmedvite og bøllete. Me lever dessverre i interessante tider.
Storskjermen syner den kinesiske presidenten, Xi Jinping, under opninga av den nasjonale folkekongressen 22. mai i år.
Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTB scanpix
Me slepp ikkje unna kinesarane. Folk flest bur i Kina. Dei vil make China great again, men dei er langsiktige og har relativt god tid, for dei er overtydde om kor det må enda. Ein kan ikkje ofte nok sitera svaret frå statsminister Zhou Enlai då Kissinger i 1972 spurde kva han meinte om den franske revolusjonen i 1789: «Det er for tidleg å seia.»
ETTER SOVJETUNIONENS fall trudde vestlege hegemonar at det same måtte skje med Kina. Kommunismen var død, og historia var komen til slutten. Om kinesarane skulle klara å gjera lange sprang framover i vekst og velstand, ville det koma ein omvend kulturrevolusjon. Folket ville krevja større individuell fridom, slik at systemet måtte reformera seg etter den vestlege og «marknadsdemokratiske» modellen.
Slik har det ikkje gått. Snarare tvert imot. Den autoritære og partistyrte kapitalismen har styrkt og globalisert seg. Parallelt med det har regimet utvikla avansert teknologi for å halda folkets tankar og handlingar under kontroll.
PÅ DEN GLOBALE scenen er Kina på frammarsj, med både handel, kapital og militærmakt – hjelpt fram av ein president i USA som skal make America great again ved å trekka landet ut av multinasjonalt forpliktande samarbeid.
Når Trump gjer Kina til hovudfiende, kjem Stoltenberg springande etter og vil flytta den nordatlantiske forsvarsalliansen til Sør-Kina-havet. Det er farleg spel. Ein desperat øvstkommanderande i Washington kan koma til å trenga ein patriotisk krig der utpå hausten.
KINA OPPTRER stadig meir sjølvmedvite og bøllete. Den kinesiske ambassadøren i Sverige slo nyleg offentleg om seg med metaforiske og materielle trugsmål. Når den nye ambassadøren i Noreg inviterer seg på høfleg visitt i departement, politiske parti og andre institusjonar, er det ikkje for å driva høvisk koseprat om laks og skitrenarar: Han skjeller ut NPP (Nobel Peace Prize) og gjer det klart kva Kina krev av oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.