Trump må truge Kim og be om at han blunkar
Andre presidentar har bøygt unna å ta eit oppgjer med Nord-Korea. Denne presidenten har ikkje noko val.
KOMMENTAR
Niall Ferguson «Auken av makt til Aten og den uroa det vekte i Sparta, gjorde at krig ikkje var til å unngå.» Dette er den mest berømte utsegna i Thukydids Historia om Peloponneskrigen. Vil framtidige historikarar ein dag skrive at auken i makt til Kina og den uroa det vekte i USA, gjorde krig uunngåeleg på same viset? Harvard-professoren Graham Allison er redd svaret kan vere «ja».
Sidan valet av Donald Trump til president i USA, har sjansen for konflikt mellom Kina og USA auka monaleg. I fjor førte Trumo ein valkampanje som var aggressivt antikinesisk, med gjentekne trugsmål om å leggje avgifter på import frå Kina. Handel er berre eitt av mange stridstema. USA er framleis ein forsvarar av fri ferdsel i Sør-Kina-havet. Øybyggingsprogrammet til Kina er meint å gjere det havet kinesisk i gagnet så vel som i namnet. Trump er mindre bunden til «eitt Kina»-politikken enn nokon amerikansk president sidan Richard Nixon, ein politikk som lèt som Taiwan ikkje er ein uavhengig stat.
Men det mest brennbare spørsmålet er utan tvil Nord-Korea – som bringar meg attende til Thukydid og Graham Allisons Destined for War: Can America and China Escape Thucydides's Trap?, den mest lesne boka denne sommaren i både Washington og Beijing.
Thukydid var ein atensk general under krigen mellom det peloponnesiske forbundet (leia av Sparta) og det attiske forbundet (leia av Aten), som vara frå 431 til 404 f.Kr. Årsaka til at krigshistoria hans vert lesen den dag i dag, er at ho var ein forgjengar for den måten å forklare fortidige hendingar på som historikarar nyttar framleis. Gudane sette ikkje krigen i gang. Det gjorde menneska.
Om du les Thukydid, vil du sjå kor viktig rolle små makter spelar i å få dei to store maktene til å byrje ein krig. Den opphavlege konflikten stod i røynda mellom Aten og Korint; krigen kom då korintarane bad Sparta om hjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.