Trump lurer heile verda med dobbel nektingMedan presidenten haustar raseri, omskaper regjeringa hans USA.
Medan presidenten haustar raseri, omskaper regjeringa hans USA.
Framtidige historikarar kjem til å nemne Helsingfors, men spørsmålet dei vil stille, om dei er dyktige, er: Kva var det Trump og Putin diskuterte privat, med berre tolkane til stades?
Foto: Kevin Lamarque/Reuters/NTB scanpix
Eg har mange vener som hatar Donald Trump. Dei fleste er liberale, akademiske typar som hatar han på same måten som foreldra eller besteforeldre deira hata Richard Nixon. Hatet deira døyvast av det faktumet at Trump nett no ikkje bombar eller invaderer eit framandt land. Hugs at det var anti-Vietnam-rørsla som heva det å hate Nixon over partipolitikken. (Sjølv om Nixon insisterte på at han freista avslutte ein krig som demokratane hadde sett i gang, trudde dei aldri på han.)
Langt djupare stikk hatet mot Trump frå «Never Trump»-republikanarane. Mange av dei er eller var neokonservative, så pasifisme er ikkje eitt av særtrekka deira. Av og til trur eg verkeleg at om Trump erklærte krig mot nokon – ideelt sett Russland, men dei hadde godteke Iran eller Syria òg – ville dei ha tilgjeve han alt.
Never-Trumparane hatar Trump av heilt andre grunnar enn dei liberale venene mine. Liberalarar hatar Trump fordi dei trur han er kjønnsdiskriminerande, rasist, skurk og bajas. Never-Trumparar likar heller ikkje desse sidene ved han noko særleg, men dei hatar han på grunn av utanrikspolitikken hans. Dei trur på frihandel. Han er proteksjonist. Dei ønskjer å spreie demokrati. Han likar autoritære leiarar. Særleg likar han Vladimir Putin. Ettersom dei voks opp under den kalde krigen, avskyr never-Trumparane den tidlegare KGB-agenten Putin. I 2016 var det neokonservative, ikkje liberalarar, som var dei første til å merke at noko mistenkeleg gjekk føre seg mellom valkampanjen til Trump og russarane.
Ein av never-Trump-venene mine sender meg ofte e-post med lenker til artiklar han har lese. I hovudsak fortel alle tekstane det same: at Trump er den verste presidenten i USAs historie.
For tre-fire veker sidan, etter at Trump møtte Putin, sa emnelina i e-postane hans alt. «Stunda var komen for Trump til å stå opp for USA. Han valde å bøye seg – The Washington Post.» Så kom: «Kva grep er det Putin har på Trump? – The Atlantic.» Og neste: «Etter Helsingfors lyt alle ansvarlege medlemar av Trumps nasjonale tryggingsgruppe trekkje seg – Slate.» Og: «Under toppmøtet svik Trump landet sitt til fordel for Russland så alle kan sjå det – New York magazine.»
For første gong byrja eg synast synd om den stakkars, mørbanka innboksen min: «Den mest bisarre delen av den katastrofale pressekonferansen til Trump var då han heidra Putin – Slate»; «Trump er eit sørgjeleg flaut vrak av ein mann – The Washington Post»; «Er dette den mest latterlege nektinga frå Trump si side til no? – The Washington Post.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.