Kommentar
Trugsmål mot det franske demokratiet
Ein fransk regjeringsrapport om antistatleg verksemd sjokkerer.
Den franske innanriksministeren Bruno Retailleau har lagt fram ein omfattande rapport om arbeidet til Den muslimske brorskapen.
Foto: Tom Nicholson / Reuters / NTB
Den muslimske brorskapen vart skipa i 1928 i Alexandria, men er i dag etablert i alle europeiske land. Dei er ei løyndomsfull islamistisk rørsle, med sivile og militante delar, og dei arbeider for kontroll med vestlege institusjonar. Lenge oppfatta franske regjeringar dei som rimeleg pålitelege dialogpartnarar og representantar for franske muslimar.
Men no er såpass mange institusjonar komne til, med opne mål om å motarbeide verdiar, lover og levekår i Frankrike, at den noverande franske regjeringa har fått utarbeidd ein omfattande rapport om arbeidet til Brorskapen.
Rapporten er dels opprørande lesnad. Han legg fram det innanriksdepartementet i Frankrike meiner dei no har oversyn over av verksemda til Brorskapen. Brorskapen har presentert målet for verksemda som ei modernisering av islam. Organisasjonar og institusjonar under deira kontroll har likevel aktivt søkt å underminere det juridiske systemet, lokale reglar og ordningar, og – fyrst og sist – sekulærpolitikken for offentleg verksemd.
Alle middel frå økonomiske bindingar via trugsmål til mobilisering av skuleborn er nytta for føremålet. Ein nasjonal organisasjon under brorskapen, Kollektivet mot islamofobi i Frankrike (CCIF), vart tvangsoppløyst av regjeringa i 2020. Denne gruppa hadde overalt, især lokalt, streva imot alle reglar i skule og lokalstyring, og det vart vurdert slik at aktiviteten streid mot fransk lov.
Endringar over tid
Rapporten er offentleg i nedkorta form, med anonymiserte forfattarar og informantar, men ei lang liste over forsking som er nytta. Han tek systematisk for seg oppbygging av brorskapsmakt og påverknadskanalar i Europa, særleg dei siste 40 åra. Ein går gjennom voksteren av organisasjonar og institusjonar finansierte især frå Qatar og Saudi-Arabia, men òg frå viktige forretningsfolk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.