– Å, me har vel alle litt av den der sorten, sa han.
Temaet var tvangstankar. Skal ein bli kvitt dei for godt, kan ein ikkje brenna inne med dei. Tvangstankar må røykjast ut, la han til. Eller skrivast ut, som det heiter i lauget.
Tvangstanken eg fyrst merkte, kom medan eg var liten og låg på sjukehus. Der var det lettare å sovna, kjende eg, dersom eg la meg som panter, og då med ei viss overhøgd, som i ei utilgjengeleg hole i fjellveggen. Frå opninga kunne eg sjå alle, ingen kunne sjå meg. Då sovna eg tvert.
Denne tanken balla på seg – snart var eg ikkje katt, men kamuflert soldat som ikkje berre gøymer seg, men òg kan slå attende med eit forsvarsåtak eller to, om det trengst, for i tankearsenalet finst mitraljøse på tofot, og stundom heil ein firling med 12,7 og rikeleg med ammunisjon og sporlys.
Tøft, men den teknologiske utviklinga har no gjort også slike våpen gamaldagse. Med varmesøkjande (natt)kamera ser fienden meg for tida lenge før eg seg han. Om eg ikkje kamuflerer også kroppstemperaturen, men då blir det lett mykje rigging – og lite svevn.
På badet dreiv eg også i mange år på liknande vis. Eg har vakse frå slikt tull no, sjølvsagt, og kastar no utan vidare heile mitraljøsa ned i ein tenkt smeltedigel, der han raskt løyser seg opp og forsvinn. Borte!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.