Sideblikk

Tru på kva du vil – staten betaler

Framstegspartiet har sove i timen, men vil nå setta bom for statleg støtte til islamsk vekst.

Per-Willy Amundsen og Christian Tybring-Gjedde som korsfararar og domsprofetar ropar nå ut: «Du må ikke sove!»
Per-Willy Amundsen og Christian Tybring-Gjedde som korsfararar og domsprofetar ropar nå ut: «Du må ikke sove!»
Publisert

Dersom ein person melder seg ut av Den norske kyrkja og inn i til dømes Oslo Misjonskirke Betlehem, får ikkje den tidlegare staskyrkja mindre tilskot, men misjonskyrkja får meir. Slik heng dette paradokset saman:

Etter det store kyrkjeforliket i Stortinget står det i paragraf 16 i den reviderte grunnlova: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten.» Løyvingane blir bestemte i statsbudsjettet og aukar frå år til år, utan omsyn til at medlemstalet er i fritt fall. Tilskotet frå stat og kommunar er i overkant av 1000 kroner per medlem per år.

Men Grunnlova legg også til grunn at «alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving». I paragraf 16 blir det mynta ut slik: «Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.» Denne allmenne utsegna blir rekna om i sølvpengar og klingande mynt, så når det blir færre medlemmer i Den norske kyrkja, blir det etter reknestykket meir per medlem hos dei andre. Dissentarane har elles aldri sett på dette som statsstøtte, men som ein kompensasjon for at staten finansierer Den norske kyrkja med ordinære skattepengar – også deira.

Dei største gratispassasjerane på fullfinansieringa av Den norske kyrkja er Human-Etisk Forbund, muslimske trussamfunn og den katolske kyrkja, som har prøvd å juksa til seg meir etter telefonkatalogmetoden.

DEI ØKONOMISKE sideverknadene av skiljet mellom staten og majoritetskyrkja synest å koma overraskande på mange. Grunnlova og sinnelaget tilseier at alle skal med, og konsekvensen er at alle får meir.

Dette merkverdige er aktualisert etter at statsråd Ropstad la fram regjeringas proposisjon om lov for trus- og livssynssamfunn. Der er det mykje småsnask å debattera: julegudstenester, hijab, kvotert styremedlemskap og ymist anna, men den store elefanten i kyrkjerommet er pengar. Regjeringa vil gje dei 10–12 milliardane i Opplysningsvesenets fond til kyrkjelege føremål, men dei nyttar ikkje høvet til å gjera noko med sjølve finansieringsmodellen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement