Kommentar

Tostatsløysinga er død. Leve tostatsløysinga!

Utsiktene til to statar i Midtausten-konflikten har gått frå å vere ei løysing til å verte eit trugsmål.

Israelske aktivistar ved grensa til Gaza under ein demonstrasjon 30. juli. Demonstrasjonen vart halden av nybyggarar som vil at Israel skal overta heile Gaza permanent.
Publisert Sist oppdatert

I mai vart utanrikspolitikk atter politikk i kongeriket. Frå fleire hald har det kome påstandar om at tostatsløysinga er død. Denne kjende og kjære løysinga på den vonde konflikten mellom israelarar og palestinarar som amerikanarane ville ha etter Golfkrigen i 1991, og som norsk fredsdiplomati var delaktig i å levere. Noreg stod sentralt i arbeidet med tostatsløysinga på 1990-talet. Men den løysinga på konflikten som Noreg arbeidde for, er død, og med den er vår sentrale rolle over. Vi er ute. Det er tungt å svelgje for somme.

 

Tostatsløysinga, derimot, er noko anna. Den har stått opp frå dei døde. No som eit instrument eller som ein siste utveg for mektigare statar som vil presse Israel. Trugsmålet deira er at barbarisk utryddingskrig på Gaza og erobring av Vestbreidda kjem til å gje Netanyahus regjering (og Hamas) nett det dei ikkje vil ha: to små statar for to folk.

Dokument som vart funne hjå Yahya Sinwar, den drepne Hamas-leiaren på Gaza, skal syne at angrepet mot Israel vart sett i verk for å avverje ein liten palestinsk stat som pris for ei normalisering mellom Israel og Saudi-Arabia. To statar var det Hamas ville blokkere med 7. oktober-angrepet.

Netanyahu og hans radikale busetjarministrar med ansvar for tryggleik i Israel og forsvar på Vestbreidda sidan 2021, er like klare. Palestina skal aldri sjå dagens lys! Istaden skal palestinarane no bort. Både Gaza og Vestbreidda skal vere busetjarane sitt Israel. Hamas har tydd til terrornedslakting, og den israelske regjeringa har i praksis gitt ordre om folkemord, for å halde «to statar for to folk» unna. Frå synsvinkelen til dei to leiande krigførande partane i konflikten er det meir presist å tale om tostatstrugsmålet.

 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement