¿ Toskete og rare fylkeskommunar

Lokaldemokratireforma er så langt ein robust fiasko, med smårusk som er sett på vent.

Etter førre kommunestyre- og fylkestingsval vart det raudgrønt styre i Viken. Kan dei gjere noko med fylkesgrensene? F.v. Tonje Brenna (Ap), Kristoffer Robin Haug (MDG), Anne Beathe Tvinnereim (Sp), og Camilla Sørensen Eidsvold (SV).
Etter førre kommunestyre- og fylkestingsval vart det raudgrønt styre i Viken. Kan dei gjere noko med fylkesgrensene? F.v. Tonje Brenna (Ap), Kristoffer Robin Haug (MDG), Anne Beathe Tvinnereim (Sp), og Camilla Sørensen Eidsvold (SV).Etter førre kommunestyre- og fylkestingsval vart det raudgrønt styre i Viken. Kan dei gjere noko med fylkesgrensene? F.v. Tonje Brenna (Ap), Kristoffer Robin Haug (MDG), Anne Beathe Tvinnereim (Sp), og Camilla Sørensen Eidsvold (SV).
Publisert

Lytt til artikkelen:

DET MÅ HA GÅTT ut bod frå keisarane i forvaltninga, Norsk rikskringkasting og andre statlege institusjonar om at dei nye og omvendt alfabetiske fylkesnamna skal brukast med stor og oppdragande eldhug. Derfor får me meiningsløyser som Vadsø i Troms og Finnmark, Vinje i Vestfold og Telemark, Veggli i Viken, Vinstra i Innlandet og Vik i Vestland.

Verst er det i nedslagsfeltet til den nedlagde «Østlandssendingen», som er transformert til «NRK Oslo og Viken». Dei strør om seg med meldingar om glatte vegar i Viken når det er underkjølt regn på Romerike, og trugsmål mot skular i Viken når det skjer i Drammen og Kongsberg.

Toskeskapen toppar seg med forvirrande varsel om kolonnekøyring og nattestenging over Strynefjellet og Hardangervidda, eller fylkesveg 50 mellom Viken og Vestland. Den vegen går som før mellom Aurland i Indre Sogn og Hol i Hallingdal.

«VESTLAND», som i seg sjølv er eit namnerov, har stole Vestlandets nasjonalsong «Å Vestland, Vestland, når eg ser deg slik», sanktifisert av Sissel Kyrkjebø. Det er eit røveri som kunne vore sogningen Gjest Baardsen verdig.

Opphavet til den offisielle hymnen for «Vestland fylke» (Hordaland og Sogn og Fjordane hev vore, og før det Bergenhus amt) syner kor forvirrande, forvriden og ufullstendig dette administrative lappeteppet er blitt. Teksten av Tore Ørjasæter frå Skjåk (i Viken!) blei trykt i diktsamlinga I dalom i 1909. Då hadde Ørjasæter våga seg over fjellet, ned Romsdalen og sørover til indre Sunnmøre på Vestlandet. Til «Vestland» kom han ikkje. Då han skreiv teksten, sat han i Geiranger i Møre og Romsdal og lengta ut og heim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement