Toppolitikarens møte med Nav

SV-politikar Kari Elisabeth Kaski stanga hovudet i veggen i møtet med Nav. Nav-sjefen lovar betring.

SV-politikar Kari Elisabeth Kaski fekk ei feilutbetaling frå Nav og reagerer på prosessen ho måtte gjennom for å få tilbakebetale.
SV-politikar Kari Elisabeth Kaski fekk ei feilutbetaling frå Nav og reagerer på prosessen ho måtte gjennom for å få tilbakebetale.

I september fekk SV-politikar Kari Elisabeth Kaski plutseleg ein større sum inn på kontoen. Kaski er for tida i foreldrepermisjon, og det var Nav som hadde betalt ut pengar til henne ved ein feil. Ho kontakta etaten med det same, gav beskjed om feilutbetalinga og spurde korleis ho kunne betale tilbake.

Kommunikasjonen frå Nav etter det, kan neppe seiast å vere i tråd med føremålet med Nav-reforma, som var å skape ei meir brukarretta, heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvalting.

Kommentarane Kaski har fått på Twitter etter å ha fortalt om kommunikasjonen med Nav der, syner at det er mange som har både liknande og verre erfaringar med Nav enn det ho har hatt.

Til og med Nav-direktør Hans Christian Holte har reagert. I eit svar til Kaski på Twitter varslar han betring.

Forstå og melde frå

Vi kan ta historia i detalj: Tre dagar etter at Kaski hadde meldt frå om feilutbetalinga, fekk ho brev frå Nav med varsel om mogleg tilbakebetaling. Nav stadfesta at feilen bak utbetalinga låg hjå etaten. Like fullt vart Kaski informert om at Nav i vidare handsaming av saka skulle vurdere fleire faktorar – mellom anna om Kaski har gjeve Nav rett informasjon, og om ho burde forstått at ho ikkje skulle ha hatt pengane som kom inn. Brevet inneheld derimot ingen informasjon om korleis pengane skulle betalast attende, slik Kaski hadde bede om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement