Samtalen

Tollscenarioet det ikkje er teke høgd for

EØS-avtalen skal sikre Noreg deltaking i EUs indre marknad på like vilkår med EU-landa.
Men Noreg kan verte råka om EU innfører vernetoll mot USA.

Donald Trump er i gang med å gje presidentordrar. I innsetjingstalen sa han at han vil innføre tollsatsar på varer frå andre land.
Publisert Sist oppdatert

Dersom Donald Trump gjer alvor av å innføre tollsatsar på varer frå andre land og EU gjengjelder med eigne tiltak, kan Noreg verte hardt råka, vert det frykta. Skjermingstiltak for industrien i EU er noko Noreg «egentlig ikke har rett til å bli med på», sa utanriksminister Espen Barth Eide til VG tidlegare i veka. Det er eit argument som også har fått stor plass i den nasjonale diskusjonen om innføring av EUs fjerde energimarknadspakke dei siste dagane.

Knut E. Sunde er direktør i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri, og han var med i utvalet som i fjor la fram ei ny utgreiing om Noregs forhold til EU. Tidleg på 1990-talet var han også med på å forhandle fram den omfattande EØS-avtalen, som skal sikre Noreg deltaking i EUs indre marknad på like vilkår og med like spelereglar.

– Korleis kan Noreg, som har ein så omfattande handelsavtale med EU, verte ståande utanfor eventuelle skjermingstiltak frå EU?

– Då EØS-avtalen vart forhandla, gjekk Noreg inn i det vi då meinte gav full tilgang til den indre marknaden i EU. Noreg vart del av det felles regelverket for statsstøtte, konkurransepolitikk og offentlege innkjøpsreglar. Men styresmaktene ønskte ikkje å delta i tollunionen og den felles handelspolitikken. Alle Efta-landa ville stå fritt her. På det tidspunktet tenkte vi ikkje at det kom til å verte noko problem.

– Men etter ordlyden i EØS-avtalen skal toll på import og eksport, for dei fleste varer, vere forbode mellom avtalepartane. Kvifor kan vi ikkje ta for gjeve at det gjeld også no?

– Fordi EU etter WTO-regelverket har høve til å nytte det som vert kalla safeguard measures (mellombelse tryggingstiltak som kan setjast inn dersom EU-industrien vert råka av uføresett, kraftig og plutseleg auke av import, journ.merk.), og slike tiltak skal i utgangspunktet gjelde for alle land. Det betyr også at det sit langt inne å faktisk setje i verk slike tiltak.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel