Klimatiltak

Toget går ikkje til klimamåla

Jernbane er ikkje særleg klimavenleg. Og det er slett ikkje klimavenleg i eit land som Noreg.

Nye skjener blir lagde på Drammensbanen mellom Oslo S, Holmestrand, Gullskogen og Kongsberg i 2010. Utslepp ved produksjon av stål og sviller og utslepp frå anlegg og maskiner må også med i klimarekneskapen.
Publisert Sist oppdatert

Jernbanen er kanskje den oppfinninga som er tettast knytt til den industrielle revolusjonen. George Stephenson vann konkurransen om å føre eit tog mellom Manchester og Liverpool med lokomotivet The Rocket i 1829, og innleia slik transportrevolusjonen.

For dette var ein revolusjon. For første gong i menneskehistoria var det no rekningssvarande å frakte billege varer ganske langt. Med hest og kjerre vart prisen på ein sekk korn dobla 15 kilometer frå garden der kornet vart dyrka. Med tog vart det ikkje lenger sveltihel med eit dårleg kornår eller to i eit dalføre. Ikkje rart då at jernbane vart særs lønsamt i mange land. Midt på 1800-talet stod 250 børsnoterte jernbaneselskap for 80 prosent av verdiane på New York-børsen.

Jernbanen var avhengig av kol. Dei fleste toga var drivne med kol, til dømes importerte Noreg kol til NSB heilt fram til 1970. Endå viktigare var kol for å produsere jernet til skjenegangen.

Mot slutten av 1700-talet klarte endeleg britane å lage jern med kol i staden for tømmer. På 1880-talet produserte dei 8 millionar tonn jern i året. Skulle dei brukt tømmer i staden for kol, måtte dei hatt ei øy som var dobbelt så stor berre for å dyrke skog til jernproduksjonen.

No er situasjonen ein annan. Jernbane er ikkje særleg lønsamt, men blir oppfatta som den mest miljø- og særleg klimavenlege transportmåten. Men at jernbanen er så klimavenleg, er ein myte, ikkje minst i skrint busette land som Noreg.

Rett nok er dei fleste norske banar no drivne på straum. Det gjev lågare utslepp enn diesel og kol. Sidan Noreg er knytt til det europeiske kraftsystemet, er det likevel ikkje sikkert at det er spesielt klimavenleg å byte ut diesel med straum, sidan marginal straumproduksjon i systemet vårt ofte er gass- eller kolkraft.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement