To tankar i hovudet
– Ingenting blir verande akkurat slik det er, seier kunnskapsminister Iselin Nybø.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
– Tidlegare statssekretær Haugstad lova i 2015 at universitetsfusjonane ikkje skulle føre til færre studiestader. Den lovnaden gjekk fort ut på dato?
– Eg legg til grunn at han ikkje meinte at alt skulle vere akkurat som det var i all framtid. Ingenting blir verande akkurat slik det er. Det er heile tida utvikling i måtar å sjå og gjere ting på, seier kunnskapsminister Iselin Nybø.
– Når rektor ved Nord universitet vil konsentrere ressursane og lage færre og sterkare einingar, gjer ho ikkje da berre jobben sin innanfor rammene som Stortinget og regjeringa har streka opp?
– Nord universitet har utfordringar. Dei trekker til seg for få søkarar, dei slit med å nå opp i konkurransen om pengar frå Forskingsrådet, og prosentdelen som fullfører er for låg. Eg sende brev til styret for å minne om at dei må ha to tankar i hovudet på ein gong: både korleis dei kan tilby utdanning og forsking av høg kvalitet, og korleis dei kan levere kandidatar som nærings- og arbeidslivet i regionen treng. Den regionale rolla er ei viktig oppgåve for institusjonane, noko som òg gjekk fram av stortingsmeldinga om strukturreform i 2015.
– Nord universitet produserer lite forsking per vitskapleg tilsett. Men er det til dømes lærarutdanninga ved Nesna som er problemet, eller er problemet at mange kvalitetar ved dei gamle profesjonsutdanningane ikkje blir verdsette?
– Profesjonsutdanningane er svært viktige for samfunnsoppdraget til Nord universitet og dei blir verdsette. Men gode profesjonsutdanningar skal være forskingsbaserte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.