To nye Dag og Tid-kalvar
Ku og nyfødd kalv.
Foto:
Måndag denne veka kalva begge Dag og Tid-kyrne – Symra og Ameline. For nye tingarar driv Dag og Tid støl kvar sommar med mjølking og ysting på stølen Remlo på Voss. Kyrne, vestlandsk fjordfe, er på stølen om sommaren og på garden Selheim på Voss resten av året.
Fyrst fekk Ameline ein fin oksekalv, den fjerde kalven hennar så langt. Seinare på dagen kalva Symra, dotter til Ameline. Ho vart uroleg, lyfte på rova og ville ut att etter mjølking, sjølv om det regna kraftig og alle dei andre kyrne la seg til inne. Hilde og Lars Selheim tok så Symra inn i kalvebingen, og kort tid etter kom kalven av seg sjølv – ein fin, brun kyrkalv med to kvite stjerner i panna. Den andre kalven til Symra, og den fyrste kyrkalven.
Far til begge kalvane er Jens. Kyrne vart inseminerte sidan gardsoksen, Kjell Bjarne, var i Hardanger tidleg i fjor haust og ikkje kunne bidra om kalvinga skulle skje i juni i år.
Jens, fødd i 2016, er frå Skjåk og garden til Hans J. Gubhage, som har 35 fjordfemjølkekyr. Mor til Jens var ei god mjølkeku, så han vart vald ut som seminokse av Laget for vestlandsk fjordfe og hamna på Genos avlsstasjon på Store Ree på Stange ved Mjøsa. Der produserte han 1000 sæddosar før han vart slakta. Sæden kan lagrast i kapslar med flytane nitrogen i årevis. I Geno har dei sæd heilt tilbake frå 1960-åra.
Oksekalven får namnet Aasmund eller Olavsson Vinje og vert nok slakta om eit år. Kalven til Symra skal vonleg leva lenge og med tid og stunder overta etter Ameline som mjølkeku på Dag og Tid-stølen.
Kom gjerne med tips om namn! Namnet må vera knytt til den nynorske kulturarven.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.