To enkle grep
Helsevesenet lid av at alt skal oversetjast til økonomi. Med to enkle inngrep kan vi få økonomistyringa ut av sjukehusa igjen.
Dei helsepolitiske diskusjonane kan minna litt om forsvarspolitikken. Ein fører oppheta diskusjonar om Forsvarssjefens habilitet i ei tilsettingssak, men godtek utan større debatt at vi skal delta i krigane rundt i verda. Bibelsk uttrykt: Ein siler bort myggen, men svelgjer kamelen.
I helsepolitikken ropar alle på forenklingar, mindre tid til byråkrati, enklare saksgang. Og ein ryk uklar om lokalisering og nye sjukehusbygg. Men elefanten i rommet er det ingen som nemner, ikkje politikarane: at helsestellet skal styrast etter marknadsprinsippet. Den felles arven frå Thatcher og Blair er at ein kan bruka økonomiske insentiv i offentleg sektor. Av den grunn sit det i dag tusenvis av byråkratar og reknar ut kor mykje sjukehusa skal få i løn for å ha oppfylt kriteria for ulike insentiv. Det er fleire av dei enn til dømes hjartespesialistar og hjernekirurgar.
Økonomiske tryllestavar
Møtt med denne kritikken lovar politikarane at det skal forenklast. Så set dei ei ny gruppe i arbeid med det. Her møter politikken si grense: Dei har gitt frå seg makta til marknadsliknande mekanismar, og greier ikkje ta den tilbake. Trollmannens læregutar sit i styra for helseføretaka, og dei økonomiske tryllestavane lever sitt eige liv.
I denne saka foreslår eg to grep. I alle fall det eine av dei er svært enkelt. Det er slik: Ingen skal vera i leiinga for nokon institusjon i helsevesenet utan å ha helsefagleg utdanning og praksis. Dei som innførte New Public Mangement, har heile tida arbeidd for det motsette: Fordi alt skal omdefinerast til økonomisk logikk, må dei helsefaglege spesialistane ut og erstattast med folk som er opplærte til å agera i feltet for økonomi og leiing.
Dette har sett helseprofesjonane under press. Det å kunna det faglege, blir dels luksus, dels støy, for det forstyrrar og set grenser for den økonomiske tankegangen. Det at folk kan ha faglege og til og med altruistiske grunnar til å arbeida i helsevesenet, blir oppfatta som ein stygg mistanke til den eigentlege verda, den som handlar om pengar. Denne mentaliteten er sjølvforsterkande. Når berre dei økonomiske kategoriane får styringsrett, vil dei også krypa inn i fagspråket. Ein byrjar å skilja mellom lønsame og tapsbringande diagnosar. Georg Johannesen skreiv det alt i 1981: I moderne sjukehus er vaskekoner og strilar berre i vegen. Ein vil ha interessante pasientar der ein kan bruka avansert teknologi, ikkje ordinær slitasje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.