Tjue år med KyotoavtalenEtter tjue år med Kyotoavtalen aukar framleis bruken av fossil energi.Kyotoavtalen vart vedteken i 1997. Målet for avtalen er å minska globale utslepp av drivhusgassar. Desse utsleppa er i stor grad knytt til bruk av fossil energi.

Etter tjue år med Kyotoavtalen aukar framleis bruken av fossil energi.

Publisert

Kyotoavtalen vart vedteken i 1997. Målet for avtalen er å minska globale utslepp av drivhusgassar. Desse utsleppa er i stor grad knytt til bruk av fossil energi.

Det motsette skjedde: Bruken av fossil energi auka. Dette ser me av eit diagram som viser auken i globalt forbruk av olje, gass og kol frå 1990 til 2016, mest dramatisk i dei tjue åra etter 1997. Auken var sterkare då enn nokon gong før i verdssoga.

Diagrammet byggjer på tal frå BPs Statistical Review 2017. Her er også ein vekst i bruk av sol- og vindenergi, men det er den fossile energiveksten som dominerer.

Energibruken i dag er ei mektig drivkraft. Det er sjølve grunnlaget for kjøp og kast-kulturen vår. Det gjev oss auka trafikk, fart og mobilitet, og fleire bilar på stadig breiare vegar og med meir areal til parkering. Vi får fleire hytter og kjøpesenter og nye anlegg for sport og fritid. Livsstilen vår er ekspansiv. Di meir energi me rår over, di meir kan me ekspandera. Og der me kanskje burde satsa på vedlikehald, riv me og byggjer nytt.

Meir energi gjev oss auka volum på så mange felt. Sovjettida er eit døme. Då skulle billeg energi vera eit «sosialistisk basisgode» og eit «lokomotiv for utvikling». Det gav store volum, ujamn kvalitet og mykje ureining.

Kjøp og kast

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement