TillitkanikkjekjøpastforpengarJulegåvetipset mitt til NIF er: Kjøp .Bølgjene har ikkje lagt seg etter
Julegåvetipset mitt til NIF er: Kjøp Tillitsmannen.
Bølgjene har ikkje lagt seg etter alkoholflyten og pengebruken i Norges Idrettsforbund (NIF), før Paradise Papers flagrar fritt over heile jordkloden. Det kan bli tøft for mange utan magemål og skam i livet framover.
Lat oss først sjå på NIFs bruk av pengane til medlemane. Middag for ti personar enda opp i 17.885 kroner. Alle veit det er dyrt i Noreg, men vinflasker til over tusen kroner høyrer ikkje heime i dette selskapet. Det høyrer ikkje heime i ein organisasjon bygd på dugnad og frivillig innsats. Det kunne vere formildande om maktfolket i idretten hadde betalt frå eiga lomme. Dei er vaksne menneske og må sjølv vurdere om dei vil ha alkohol til biffen eller østersen, som visstnok er det som står på menyen når norske idrettsleiarar møtes.
I glashus
Alle tillitsvalde sit i glashus i desse dagar. Har du reint samvit?
I skrivande stund er eg på styreseminar i Berlin som leiar for frilansjournalistane i Norsk Journalistlag. Tiltaksplanen er alltid med; det er den me skal levere på. Oppdraget fekk me på årsmøtet. Om eit år må me syne at me har levert varene, og at me har gjort oss fortent til tilliten. Så enkelt og så vanskeleg.
Men styreseminar i Berlin, med medlemane sine pengar, harmonerer det med å styrke tillit og syne måtehald?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.