– Tilfeldig korleis biblioteka erForfattar Linn T. Sunne har sett bibliotek med berre éi lita, rotete hylle. – Det gir eit signal om at lesing ikkje er viktig.

Forfattar Linn T. Sunne har sett bibliotek med berre éi lita, rotete hylle. – Det gir eit signal om at lesing ikkje er viktig.

Publisert

– Eg har besøkt mange skular som lærar og forfattar. Etter mi erfaring er det heilt tilfeldig korleis tilstanden til skulebiblioteket er, fortel Linn T. Sunne, som har fotografert fleire skulebibliotek for Norsk Forfattersentrum.

Forfattaren meiner at dei rektorane og lærarane som forstår kor viktig skulebiblioteket er for elevane, klarer å prioritere det. På reisene sine har ho sett mange stusselege bibliotek, men også flotte lokale som blir lite brukte fordi skulen nedprioriterer å drive dei. Andre stadar finst skulebibliotek med engasjerte bibliotekarar som formidlar litteratur til klassene.

– Det verste eg har sett var éi lita, rotete hylle med gamle bøker. Det gir eit signal om at lesing ikkje er viktig, seier Sunne.

Ho meiner at dårlege skulebibliotek først og fremst går ut over elevane.

– Det er mange som ikkje blir lesne for heime og som aldri får oppleve den spennande verda bøkene gir.

Fagorganisasjonen Den norske Forfatterforening (DnF) har nedfelt i handlingsplanen sin at dei vil arbeide for ei skulebibliotekslov. Skulebiblioteka må vere bemanna, opne og oppdaterte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement