Tilbakeslaga på EU-grensa
Migrantar som vil inn i EU, vert utsette for vald og tvinga vekk, syner fleire rapportar.– EU-landa har få andre instrument til rådvelde enn å bruke makt, seier forskar Cecilie Hellestveit.
Over to dagar i mai strøymde fleire tusen migrantar inn i den spanske enklaven Ceuta i Nord-Afrika. Svært mange vart returnerte til Marokko like etterpå, gjennom det menneskerettsgrupper kallar ulovlege utvisingar.
Foto: Jon Nazca / Reuters / NTB
Retten til å søkje asyl er nedfelt i FNs menneskerettserklæring frå 1948. I den europeiske menneskerettskonvensjonen frå 1950 står det òg at ingen skal verte utsette for tortur, umenneskeleg eller nedverdigande behandling, og at kollektiv utvising av utlendingar er forbode.
FNs flyktningkonvensjon frå 1951 forbyr medlemsstatar å utvise eller avvise ein flyktning til eit område der livet eller fridomen hans vil vere truga, medan FNs konvensjon mot tortur frå 1984 forbyr tilbakesending eller utlevering av ein person til ein annan stat, dersom det er rimeleg grunn til å tru at han eller ho vil vere i fare for å verte utsette for tortur.
I tillegg kjem EUs pakt om grunnleggjande rettar, som vart vedteken i 2000, og som samanfattar og gjentek den same bodskapen som i alle konvensjonane over.
Trass i alle desse imperativa kjem det no stadig fleire rapportar som fortel om såkalla pushbacks ved EUs yttergrense i sør og søraust. Det vil seie at migrantar som prøvar å ta seg inn i EU, vert nekta innreise og tvinga tilbake, ofte med bruk av vald og utan noka form for formell prosess eller individuell vurdering av om dei har behov for vern.
Fleire involverte
Pushbacks i ulike former er registrerte frå så godt som alle EU-landa langs yttergrensa i sør og søraust: frå Spania til Marokko, frå Italia til Libya, frå Hellas og Bulgaria til Tyrkia, frå Ungarn til Serbia, frå Polen til Kviterussland. Det skriv migrasjonskomiteen i parlamentarikarforsamlinga i det mellomstatlege Europarådet i ein rapport frå 2019.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.