JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Til jord skal du bli?

Av jord er du komen, seier presten. Men no byrjar det å verte trongt om plassen, og jorda, på kyrkjegardar i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hinduane brenn sine døde, medan dette er ulovleg for muslimar. Frå ein kveldsseremoni ved Ganges i Varanasi i India i 2014.

Foto: Mone Celin Skrede

3137
20190503
3137
20190503

Eg står midt i ei så vidt meterbrei gate i Varanasi, den heilagaste byen i India i 2014. Gata er ein del av ein labyrint av identiske, smale steinvegar. Frå ein kant kjem ei ku, frå den andre kjem eit gravfølgje. Eg står i midten og tenkjer at no går det gale.

Følgjet kjem nærare, eg høyrer ein jamn, tett lyd av stemmer og song. Ei gruppe menn har ei likbåre på akslene, pakka inn i oransje og gull. Kvinnene kjem gåande bak, syngjande dei òg. Fleire titals, kanskje hundretals bårer skal setjast på båla langs Ganges i løpet av dagen.

I Noreg er det ikkje slik, og eg tenkjer på svartkledde, tause silhuettar på tomme, velstelte norske kyrkjegardar.

Men ifølgje Forskning.no denne veka er ikkje norske kyrkjegardar tomme. Det vert heile tida trongare om plassen. Fleire stader utgjer ikkje berre folkeveksten ei utfordring, men jorda ein skal senkast ned i òg. Kompakt leirjord, som finst på fleire norske kyrkjegardar, bryt ikkje ned gravinnhaldet på den 20 år lange fredingstida som er fastsett i gravferdslova. Då kan ein ikkje bruke grava på nytt. Pågangen etter gravplassar har vorte så stor at kvadratmeterprisen har vorte eit problem særleg for bykommunar, melde VG førre månad. Norske byar har sletta tusenvis av graver som det ikkje vart betalt festeavgift for dei siste åra, for å få plass til nye.

Til dømes er det nesten fullt på Røbekk kyrkjegard i Molde, melder Forskning.no, og kommunen har kjøpt inn nytt areal. Og på Gjerpen kyrkjegard i Skien er det ikkje meir plass til kistegraver, melde Varden i fjor haust. Når Norsk institutt for bioforsking (NIBIO) attåt melder at det finst for lite forsking på kva som er god gravjord, kjenner eg at eg vert irritert og manar fram eit bilete av meg sjølv som 13-åring, veslevaksen og med hendene på hoftene.

– Eg vil verte kremert, fortalde eg mor mi og gjorde meg så streng eg kunne.

I 2019 har vi framleis to måtar å gravleggje menneske på i Noreg: tradisjonell gravlegging og kremasjon. Litt over 40 prosent av nordmennene vert kremerte etter at dei døyr, ifølgje norske kremasjonsstatistikkar. Noreg er likevel meir skeptisk til kremasjon enn andre europeiske land. VG meiner kristen tru står for noko av skepsisen og tabu kring døden for noko.

Mellom gravfølgjet og kua må eg tenkje meg om: Kor strenge gravleggingsreglar kan vi ha når jorda ikkje eignar seg til å bryte oss ned? På kyrkjegarden i heimkommunen min er det no over 20 år sidan bestefar min vart gravlagd. Ligg han framleis der, tenkjer eg.

Og dersom vi skal halde oss til to former for gravlegging, kan ein halde fram med å velje? På same måte som hinduane brenn dei døde, er det forbode for muslimar å gjere det. Medan songen frå gravfølgjet attende i heilage Varanasi vert høgare og høgare og kua i siste liten luntar inn ei sidegate, lurer eg på om det er fysisk mogleg å halde på norsk gravleggingstradisjon på same måte som hinduane held på sin.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vil verte kremert, fortalde eg mor mi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis